Hopp til innhald

Fagstoff

Frankrike

Frankrike er eitt av dei viktigaste vinlandet i verda. Det blir dyrka vindruer i nesten heile landet bortsett frå nokre område i nord, på nordvestkysten og i nokre fjelldistrikt. Dei store klimatiske forskjellane, forskjellig jordsmonn og druetypar gir eit stort mangfald av vinar.

Franske vinlover

Kart som viser vinområda i Frankrike. Illustrasjon.

For at forbrukarane skal få tillit til varene og ein garanti for at innhaldet på flaskene er i samsvar med opplysningane på etikettane, har dei fleste vinproduserande landa ei kombinert kontroll- og verneordning for vinane sine. Lovverket i Frankrike blir kalla Appellation d'Origin Protegée (AOP). Omkring ein tredjedel av den årlege vinhausten i landet er no AOP-beskytta.

Vinkontrollen har tre hovudfunksjonar:

  • å halde ved like og forsvare kvaliteten på fransk vin
  • å verne vindyrkarane mot at konkurrentar nyttar ein vinetikett på ein dårlegare vin slik at han kan samanliknast eller assosierast med ein vin av høg kvalitet
  • å verne kjøparen frå å bli lurt av ureielege etikettar

Kontrollen omfattar

  • druesorten som blir planta
  • talet på vinstokkar per hektar land
  • måten vinstokken blir skoren til på
  • den maksimale produksjonen per hektar land
  • korleis områda er avgrensa
  • minimumsinnhaldet av sukker i mosten
  • minimumsinnhaldet av alkohol i den ferdige vinen

Det er òg reglar for annan vin enn AOP-vinane, slik at regelverket no femner om all vinproduksjon. Dei franske vinlovene har danna mønsteret for dei aller fleste vinproduserande landa, spesielt i Europa.

EU har to klassifiseringar for vin, VQPRD (kvalitetsvin frå eit bestemt avgrensa geografisk område) og vins de table (bordvin). Under er ei oversikt over kva desse representerer i forhold til klassifiseringane i dei ulike landa:

Nemningar

EU

Fransk

Tysk

Italiensk

Spansk

VQPRD

AOC

Q.m.P.

DOCG

DOC

VDQS

Q.b.A.

DOC

DO

Vins de table

Vin de pays

Landwein

Vino da tavola con indicazione geografica

Vinos de la tierra

Vins de table

Vin de table

Tafelwein

Vino da tavola

Vino de mesa

AOP-appellasjonssystemet har blitt revidert, idet Frankrikes AOC (Appellation d'Origine Contrôlée) no er vorte til AOP (Appellation d'Origin Protegée). Vin de pays, som blir nytta for vinar som hever seg over vanleg bordvinsnivå, er erstatta av IGP (Indication Geographique Protegée).

Vinen i Frankrike blir delt inn i fire grupper:

  • Appellation d’Origine Protégée (AOP), tidlegare Appellation d’Origine (AOC). Dei beste vinane med kontrollert opphav.
  • Vins délimités de qualité supérieure (VDQS), dei nest beste vinane, ofte vinar "på veg opp". Større avkastning per hektar og lågare alkoholinnhald blir godteke.
  • Indication Geographique Protegée IGP), tidligere Vins de pays (VdP), gode kvardagsvinar med ein utprega lokal karakter. Vinen skal nemnast med geografisk opphav og fylle krav til alkoholinnhald, druesort og avkastning per hektar.
  • Vins de table (VdT), bordvin, dei franske kvardagsvinane. Etiketten må vise at vinen er fransk.

I tillegg til dei typane som er nemnde her, finst det andre offisielle kvalitetsinndelingar. Det gjeld spesielt i Bordeaux der det er etablert rangeringslister for fleire av enkeltdistrikta sine vinar. Desse klassifiseringane får du meir informasjon om under dei enkelte distrikta.

Slottstappa vin

Slottstappa vin er produsert og tappa på flaske på den eigedommen der han er laga. På etiketten til ein slottstappa vin vil det stå "Mis en bouteille au Châteu" eller "Mise du Château". "Château" betyr eigentleg slott, men nemninga kan ofte erstattast med "domaine" eller "clos". I tillegg er namnet på slottet stempla på korken. Årgangen på vinen vil òg i dei fleste tilfella stå på etiketten. Slottstappa vin med årgang vil variere i kvalitet alt etter klimaet kvart år, utvikling og modning av druene og korleis vinen utviklar seg seinare.

Arbeidarar haustar inn raude vindruer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Distriktstappa vin

Vin som er produsert og tappa av eit vinfirma (négociant) i eit vindistrikt, blir seld som merkevin frå distriktet. Namnet på vinfirmaet står på etiketten, eventuelt òg slottsnamn og årgangen på vinen. Namnet på vinfirmaet er brent inn i korken. Mange av vinfirmaa blandar og lagrar standardvinane sine med merkenamn for at kvaliteten på vinane skal vere så stabil som mogleg.

Heimetappa vin

Dette er vin som etter produksjon på slottet eller hos vinfirmaa er teken heim av vinimportørar på fat eller tank og tappa på flasker. På etiketten kan det til dømes stå "Mise en bouteilles par Arcus". I tillegg står namnet på produsenten og eventuelt årgang på etiketten.

Måten vinen er tappa på, er ingen garanti for kvaliteten på vinen, berre ei opplysning om kvar vinen er tappa. Vinen kan vere av like god kvalitet om han er tappa av eit slott, eit lokalt vinfirma eller ein vinimportør.

Etiketten gir kunnskap

Ut frå dei kategoriane vinane er grupperte i, gir etiketten dei opplysningane om vinen som er bestemte av den franske vinlova. Vi ser her på eit døme frå Bordeaux.

  Illustrasjon som viser dei ulike elementa på ein vinetikett. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike