Hopp til innhald

Fagstoff

Chablis

I Chablis blir det nesten berre produsert kvite vinar av chardonnay-drua. Vinane er tørre med fyldig smak med preg av sitrus og kraftig blomsterliknande bouquet.

Chablis

Kart over vinområdet Chablis i Frankrike. Foto.

Området Chablis er det nordvestlegaste i Burgund. Chablis har vanskelege klimatiske forhold, og avkastningane kan variere mykje både i kvalitet og kvantitet. Det blir nesten berre produsert kvite vinar av chardonnay-drua. Vinane er tørre med fyldig smak med preg av sitrus og kraftig blomsterliknande bouquet.

Fire hovudgrupper av Chablis-vin

  • Chablis Grand Cru er dei beste. Dei kjem frå sju vinmarker som ligg i sørvende skråningar nordaust for byen Chablis. Vinen er den kraftigaste og den mest lagringsdyktige.
  • Chablis Premier Cru er dei nest beste, og dei kjem frå elleve vinmarker rundt byen Chablis. Samanlikna med grand cru-vinane er dei noko lettare og har noko meir avgrensa haldbarheit.
  • Chablis er den tredje på rangstigen. Dei kan variere i kvaliteten og er best når dei er 2–3 år.
  • Petit Chablis står nedst på rangstigen og blir for det meste laga i ytterkanten av distriktet.

Vinane frå Chablis eignar seg godt til finare rettar av fisk og skaldyr (hummar) og til kaviar, løyrom og lodderogn.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike