Hopp til innhald

Fagstoff

Burgund

Vin frå Burgund kan det ta eit heilt liv å fordjupe seg i. Heldigvis er det lett å lære det viktigaste.
Skilt som heng på ein husvegg og viser veg til Lyon og Dijon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Område og inndeling

Vin frå Burgund blir delt i tre kvalitetsnivå, som byggjer på kvar druene kjem frå:

  • heile Burgund (Bourgogne på fransk)

  • vin frå éin enkelt kommune eller landsby

  • vin frå éi enkelt vinmark, med statusen premier cru (nest best) eller grand cru (best)

Jo meir nøyaktig opplysing om stad vinen har, jo høgare kvalitet skal han halde.

Burgund er delt inn i fleire underområde. I nord ligg Côte d'Or (gullåsen), med dei beste vinmarkene i Burgund. Området blir delt i Côte de Nuits (mest raudvin) og Côte de Beaune (mest kvitvin). Dei mest berømte raudvinslandsbyane, som Chambolle, Gevrey og Volnay, ligg her i nord.

Raudvin

Éi raudvinsdrue regjerer i Burgund: pinot noir. Ho har tynt skal og kan gi vin med lite farge og tannin.

Både enkel, billeg vin og samansett, svimlande dyr vin blir laga i Burgund. Alle er gode matvinar, med smak av raude bær. Vinen blir prega meir av finesse enn av fylde og kraft. Dei beste kan lagrast i mange år. Då får dei spennande tonar av haustlauv, sopp og krydder.

Sidan jorda i Burgund er så ettertrakta og arvelova såpass komplisert, kan vinmarkene ofte vere delte inn i svært små delar. Fleire vinmakarar kan dele på ei vinmark, og valet til produsenten kan skape to ulike vinar frå nøyaktig same jordsmonn.

Generelt kan vi seie at raudvin frå Gevrey er kraftig, mens vinane frå Chambolle, Volnay og Beaune er delikate. Nuits og pommard kan vere rustikke og snerpande, mens vosne byr på djupn og finesse. Men det kan vere minst like vettug å snakke om forskjellane mellom ulike produsentar. Slike diskusjonar kan Burgund-fans vie eit heilt liv til.

Kart over vinområdet Burgund i Frankrike. Foto.

Området Beaujolais heilt i sør er òg ein del av Burgund. Hovuddrua her er gamay. Raudvinen herfrå har hatt lågare status og vore prega av meir kommersiell drift. Dei siste åra har flinke vinmakarar sørgt for ei kvalitetsheving også her. Nokre område her får lov til å setje namnet sitt på etiketten, som Morgon, Moulin-à-Vent og Fleurie.

Kvitvin

Den mest kjende merkevara i Burgund blant dei kvite vinane er nok chablis. Chablis er ein landsby omgitt av kalkrik jord, som ligg eit stykke nord for resten av Burgund. Vinane herfrå blir eine og åleine laga av drua chardonnay og passar godt til sjømat, sidan dei luktar og smaker av sjø og mineral, eple og frisk sitrus. Ofte blir chablis lagra på ståltank, ikkje på fat.

Lenger sør, i Côte de Beaune og berømte område som Meursault, Puligny og Chassagne, blir òg chardonnay nytta. Men her smaker vinen meir av modne frukter som eple og gule plommer, og det er vanleg med eit tydeleg fatpreg. Saman med modning på gjærrestane, kalla berme, gir dette kvitvin med meir kropp og fylde og aromaer som smør, nøtter, krydder og mineral.

Kvitvinane frå Burgund er blant dei dyraste, mest komplekse og ettertrakta i verda, og dei har sett standarden for korleis kvitvinprodusentar verda over ønskjer å lage kvitvin av chardonnay.

Musserande vin

Sidan druene pinot noir og chardonnay blir nytta til raud og kvit vin frå Burgund, og samtidig er berebjelkane i champagne, er det ikkje så rart at det blir laga musserande vin også i Burgund.

Han blir kalla crémant de Bourgogne og blir først og fremst produsert rundt byen Auxerre i nord (der Chablis ligg) og ved Rully i Côte Chalonnaise lenger sør. I dei mest anerkjende delane av Burgund er det meir attraktivt og lønnsamt å lage raud eller kvit vin utan bobler.

Crémant blir laga på same måte som champagne. Eit generelt krav til fransk crémant er at vinen må modnast i minimum 12 månader på botnfallet.

Chardonnay og pinot noir er mest vanleg, men også aligoté og gamay er tillatne i crémant herfrå. Gamay kan det maksimalt vere 20 prosent av.

Dette er friske, lette og tørre musserande vinar med smak og lukt av eple og sitrus, ofte noko gjærbakst òg. Dei mest forseggjorde og lagra eksemplara nærmar seg champagne i kvalitet og stil, men til ein lågare pris.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike