Hopp til innhald

Fagstoff

Helsepersonelloven

Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) har som føremål å bidra til tryggleik for pasientar. Ho skal òg sørgje for god kvalitet og forsvarlegheit av tenestene. Tillit til helsepersonell er ein sentral del av helsepersonellova.
Sjukepleiar på jobb ved Oslo Universitetssykehus, Radiumhospitalet i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovens føremål og verkeområde

Alle lover har eit føremål og eit verkeområdet. Det betyr at lova skal forklare kva som er viktig i lova, og kven ho gjeld for. I helsepersonellova står det at pasientar skal oppleve tryggleik, kvalitet og tillit til helsepersonell. Det betyr at når ein er pasient, skal ein vite at dei som er tilsette, har godkjend utdanning og følgjer regelverket.

Lova gjeld for helsepersonell og verksemder

Med helsepersonell meiner ein dei som har autorisasjon som til dømes helsefagarbeidar, sjukepleiar og lege, eller tilsette i apotek eller studentar og elevar innanfor helsefaglege opplæring. Når du er ute i praksis i skulesamanheng, gjeld lova for deg.

For å få autorisasjon eller lisens til å kalle deg helsepersonell må du søkje om dette etter at du er ferdig med ei høgare utdanning eller har teke ei fagprøve. Du søkjer Statsforvaltaren i fylket du bur i, om autorisasjon.

Autorisasjonsordninga inneber at du søkjer om løyve til å utøve yrket du har utdanna deg til. Ein autorisasjon er ei godkjenning som viser at du har den faglege og formelle kompetansen innanfor ulike titlar.

Alle verksemder skal organiserast slik at helsepersonellet skal vere i stand til å overhalde pliktene sine. Det vil seie at pasientar og brukarar skal vere trygge der dei oppheld seg.

Teieplikt og opplysingsplikt

Som helsepersonell har du teieplikt når det gjeld opplysingar om pasientar og brukarar som ikkje skal bli gitte vidare. Alle skal føle seg trygge på at det du veit, ikkje kjem vidare så framt det ikkje er naudsynt informasjon på arbeidsstaden.

Opplysingsplikt inneber å gi opplysingar vidare til til dømes nødetatar, barnevern eller fastlege viss du har fått opplysingar som gjer at det kan vere fare for liv og helse. Då har du plikt til å melde frå.

Dokumentasjonsplikt

Den som yter helsehjelp, skal dokumentere dette i ein journal. Journalen skal bli ført og teken vare på slik regelverket tilseier der du er tilsett. Det er vanlegvis eit digitalt journalsystem som ein skal logge seg på. Journalen skal vere lett å forstå for andre som les han, og dessutan for pasienten sjølv og pårørande ved behov. Han skal blir ført etter god yrkesskikk og skal innehalde relevante opplysingar om pasienten og helsehjelpa som blir gitt.

Plikta gjeld ikkje for samarbeidande helsepersonell som gir hjelp etter instruksjon eller rettleiing frå anna helsepersonell.

Kjelde

Helsepersonellova. (1999). Lov om helsepersonell m.v. LOV-1999-07-02-64. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-64

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2022

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit