Hopp til innhald

Fagstoff

Psykisk helsevernslova

Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernslova) er ei lov som inneheld reglar for undersøking og behandling av personar med psykiske lidingar. Psykisk helsevern handlar òg om pleie og omsorg for pasientar med psykiske helseutfordringar.
Ein person sit i skogen og held seg til hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovens føremål og verkeområde

All helsehjelp skal leggjast til rette slik at dei fysiske og psykiske ønska og behova til den enkelte blir tekne vare på. Det skal så langt som mogleg vere sjølvbestemming i behandlinga, og respekten for menneskeverdet skal bli teken vare på. Det same gjeld respekten for den fysiske og psykiske integriteten til den enkelte. Lova skal sikre at psykisk helsevern skjer på ein forsvarleg måte og i samsvar med menneskerettane og prinsipp for rettstryggleik. Det er eit føremål med reglane at ein skal førebyggje og avgrense bruk av tvang.

Psykisk helsevernslova regulerer tenester som blir drivne av helseføretaka og private spesialisthelsetenester på vegner av føretaka. Kommunale tilbod innan psykisk helsearbeid er regulerte av helse- og omsorgstenestelova.

Psykisk helsevern

Psykisk helsevern er spesialisthelsetenesta si undersøking og behandling av menneske som treng det på grunn av den psykiske lidinga si. Hovudregelen er at psykisk helsevern skal skje frivillig med samtykket til pasienten i samsvar med pasient- og brukarrettslova. Pasientar som er innlagde ved ein institusjon, har då rett til å forlate institusjonen når dei sjølv ønskjer, dersom det ikkje er bestemd at dei skal tvangsinnleggjast. I samband med dette er det viktig å hugse at ein pasient som ikkje opplever seg sjølv som psykisk sjuk, kan mangle samtykkekompetanse når det gjeld behovet for helsehjelp, men likevel samtykke til behandling.

Tvungen observasjon

Med tvungen observasjon kan spesialisthelsetenesta kartleggje behovet for nødvendig helsehjelp utan samtykke. Viss pasienten ikkje kjem til undersøking, kan vedkomande bli henta og undersøkt med tvang. Dersom legen som undersøkjer pasienten, meiner at det er grunnlag for tvungen observasjon eller tvunge psykisk helsevern, må det dokumenterast i ei skriftleg fråsegn.

Tvunge psykisk helsevern

Dersom pasienten har ei alvorleg psykisk liding og frivillig psykisk helsevern har vore prøvd, men ikkje fører fram, kan ein i samsvar med lova setje i verk tvunge psykisk helsevern. Ved tvunge psykisk helsevern skal pasienten undersøkjast av to legar, og den fagleg ansvarlege legen ved institusjonen pasienten er vist til for innlegging, er ikkje bunde av fråsegna frå legen som undersøkte pasienten først.

Vilkår for tvunge psykisk helsevern

Hovudvilkåret for etablering av tvunge psykisk helsevern er at pasienten har ein alvorleg psykisk sjukdom og manglar samtykkekompetanse. Viss pasienten utgjer ein fare for seg sjølv eller liv og helse for andre, gjeld ikkje kravet om manglande samtykkekompetanse. I tillegg kan det setjast i verk tvunge psykisk helsevern dersom det er fare for at manglande behandling kan føre til forverring eller forhindre vesentleg betring av tilstanden til pasienten.

Både pasienten sjølv og pårørande har rett til å klage på vedtak om bruk av tvunge psykisk helsevern. Pasienten har rett til fri rettshjelp i samband med klagen.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig med ei lov om psykisk helsevern?
  2. Kva eigenskapar bør ein helsefagarbeidar ha i arbeid med personar med alvorlege psykiske lidingar?
  3. Forklar desse omgrepa til ein medelev:
    1. psykisk helsevern
    2. tvungen observasjon
    3. tvunge psykisk helsevern
    4. alvorleg psykisk liding

Kjelde

Psykisk helsevernslova. (1999). Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern. LOV-1999-07-02-62. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-62


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit