Hopp til innhald

Fagstoff

Fagleg forsvarlegheit og omsorgsfull helsehjelp

Fagleg forsvarlegheit og omsorgsfull helsehjelp betyr at du som helsefagarbeidar har plikt til å opptre i samsvar med dei faglege normene og lovfesta krav som til kvar tid gjeld for yrkesutøvinga.
Ein helsefagarbeider på jobb. Ho hjelper ein pasient i rullestol med å ete på rommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Yrkesetiske retningslinjer, kvalifikasjonane dine og kva oppgåver du utfører, vil påverke kva som blir sett på som fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp.

Kompetanse

Som helsefagarbeidar blir det forventa at du utøver yrket ditt i samsvar med utdanninga di og krava til autorisasjon. Fagleg forsvarlegheit inneber òg at du som helsefagarbeidar kjenner di eiga faglege avgrensing slik at du ved behov kan vise vidare eller tilkalle hjelp frå fagpersonar med høgare kompetanse enn deg.

Viss du kjem i ein situasjon der det ikkje er mogleg å tilkalle hjelp, men det ville vere uforsvarleg å ikkje yte helsehjelp, blir sett på det ikkje som brot på fagleg forsvarlegheit sjølv om det er utanfor kompetanseområdet ditt. Slike situasjonar kan oppstå i samband med ulykker og akutte hendingar, men òg under i andre tilfelle der det er manglande tilgang på kvalifisert helsepersonell. Covid-19-pandemien førte til dømes til behov for å flytte personell mellom ulike avdelingar i helsetenesta og overføring av oppgåver på kort varsel. Elevar, studentar, pensjonerte helsearbeidarar og ufaglærte vart òg rekrutterte til arbeid i helsetenesta. I ein slik situasjon kan høgt arbeidspress og mangel på ressursar medføre at du må utføre oppgåver som normalt blir utførte av helsepersonell med høgare kompetanse fordi det er større risiko for liv og helse dersom du ikkje gjer noko. På grunn av dei ekstraordinære omstenda blir det likevel ikkje rekna som brot på fagleg forsvarlegheit.

Ressursar

Utstyr, hjelpemiddel og tilgjengeleg personell påverkar fagleg forsvarlegheit. Dersom utstyr er i så dårleg stand at det utgjer ein risiko for at det kan oppstå feil, må det vurderast om det er forsvarleg å nytte det, eller om det finst andre alternativ. Dersom det manglar naudsynte hjelpemiddel eller kvalifisert personell, må det vurderast om det er meir forsvarleg å flytte pasienten til ein annan behandlingsstad.

Fagleg forsvarlegheit inneber òg at pasient eller brukar har samtykka til helsehjelpa, og at han aller ho har fått tilstrekkeleg informasjon, slik at det er tydeleg kva samtykket inneber. Det blir òg forventa at det er innhenta naudsynte helseopplysingar om pasienten før helsehjelpa blir sett i gang.

Relasjonar

Forsvarleg yrkesutøving inneber òg at du som helsefagarbeidar ikkje utnyttar det avhengigheitsforholdet som kan oppstå mellom pasient og helsepersonell. Du skal yte omsorgsfull helsehjelp, og det er ansvaret ditt som profesjonell yrkesutøvar å skilje mellom private og profesjonelle relasjonar.

Helsefagarbeider viser omsorg for mannlig pasient. Han ligg i senga, og helsefagarbeidaren sit på sengekanten, held han i handa og smiler til han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omsorgsfull helsehjelp

Omsorgsfull helsehjelp inneber å vise omtanke og respekt for pasienten. Dette kjem fram i måten du som helsefagarbeidar opptrer og kommuniserer med pasientar og pårørande på mens du utøver yrket ditt. I nokre situasjonar vil plikta til omsorgsfull hjelp og kravet om fagleg forsvarlegheit overlappe kvarandre fordi hjelpa ikkje er forsvarleg dersom du ikkje gjer oppgåvene dine på ein omsorgsfull måte.

Uforsvarlege forhold

Dersom du oppdagar feil, manglar eller andre uforsvarlege forhold, er det viktig å finne ut om det er noko du sjølv kan gjere for å utbetre og løyse situasjonen. Du har òg ansvar for å melde avvik når det er relevant, og å ta opp problemet med kollegaer og næraste leiar. I nokre situasjonar kan det òg vere fornuftig å involvere tillitsvalde.

Utfordringar til deg

Diskuter desse situasjonane med ein medelev:

  1. Kva gjer du når du blir beden om gi morgonmedisinane til ein bebuar på sjukeheimen sjølv om du ikkje har vore på medisinkurs?
  2. Kva gjer du viss kollegaen din på sjukehuset utfører arbeidsoppgåvene sine utan å vise respekt og omtanke for pasientane?
  3. Kva gjer du når du får ein veneforespørsel i sosiale medium frå ein av brukarane i heimebaserte tenester?

Kjelder

Duvaland, L. (2020, 1. april). Kravene til faglig forsvarlighet i krise og unntakssituasjon. Dagens Medisin. https://www.dagensmedisin.no/artikler/2020/04/01/kravene-til-faglig-forsvarlighet-i-krise-og-unntakssituasjon/

Helsedirektoratet. (2018, 28. juni). Helsepersonelloven med kommentarer. Krav til helsepersonells yrkesutøvelse. https://www.helsedirektoratet.no/rundskriv/helsepersonelloven-med-kommentarer/krav-til-helsepersonells-yrkesutovelse#paragraf-4-forsvarlighet

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit