Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåvene til spesialisthelsetenesta

Spesialisthelsetenesta har mange ulike oppgåver. Tenesta omfattar mellom anna sjukehusa, akuttmedisinsk behandling, medisinsk nødmeldeteneste, laboratoria, behandling av rusmiddelavhengige og transport av medisinsk personell.
To amulanserarbeidarar på veg inn i ein ambulanse. I bakgrunnen står det ein luftambulanse av typen EC 135. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Nemn tre lover som spesialisthelsetenesta må følgje i arbeidet sitt i verksemdene.
  2. Som helsefagarbeidar kan du få lærlingplass og jobb innanfor spesialisthelsetenesta. Kva arbeidsplassar i nærleiken av bustaden din har spesialisthelsetenesta ansvaret for?
  3. Lag eit tankekart om spesialisthelsetenesta der du tek med viktige omgrep som ansvar, namn på verksemder du kjenner til, innhaldet og føremålet i lova. Du kan òg ta med døme på tenester som blir tilbydde, og kva yrkesgrupper som kan jobbe på dei ulike stadene.
  4. I løpet av ein månad er du innom ulike stader. Kva for nokre av stadene er innanfor spesialisthelsetenesta?

    1. helsestasjon for ungdom
    2. fastlegen
    3. røntgen på poliklinikk på sjukehuset
    4. tannlegen
  5. Ein person er hardt skadd med akutte blødingar. Du tek deg av vedkomande og køyrer mot sjukehuset som er i nærleiken. Du kan berre vegen til hovudinngangen og meiner at det hastar. Du ringjer ein ven som seier de må oppsøkje legevakta i kommunen først.
    1. Kva gjer du og kvifor vel du denne løysinga?
    2. Gå saman i grupper og diskuter om de er samde i løysingane de har kome fram til.
    3. Kva seier spesialisthelsetenestelova om umiddelbar hjelp?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen .
Sist fagleg oppdatert 12.11.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit