Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er psykisk helsevern?

Psykisk helsevernslova regulerer den delen av tenestetilbodet innan psykisk helse som høyrer til spesialisthelsetenesta. Lova omfattar både frivillig og tvunge psykisk helsevern.
Ein ung mann sit åleine på ein benk ved eit blankt vatn. Det er haustfargar på trea og løv på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Bruk lenkja til psykisk helsevernslova med kommentarar (relatert artikkel nedst på sida) og finn ut kva lova seier om

    1. vern om personleg integritet
    2. samtykke og samtykkekompetanse
    3. vilkår for tvungen observasjon
    4. vilkår for tvunge psykisk helsevern
  2. Kvifor er det viktig at frivillig behandling for psykiske lidingar er freista før det blir etablert tvunge psykisk helsevern?
  3. Kva seier psykisk helsevernslova om bruk av individuell plan?
  4. Kva er oppgåvene til kontrollkommisjonen?


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit