Hopp til innhald

Fagstoff

Spesialisthelsetenestelova

Lov om spesialisthelsetjenesten m.m.(spesialisthelsetenestelova) inneheld føringar for eit godt spesialisthelsetilbod. Det enkelte helseføretaket skal sørgje for at personar som oppheld seg i eller utanfor institusjon, skal få den hjelpa dei treng.
Ei jente med eit plaster i panna sit i ei seng på sjukehuset. Ein stor, rosa bamse ligg på dyna framfor ho. Ein lege sit på huk ved senga og lyttar på brystet hennar med stetoskop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovens føremål og verkeområde

Lova gjeld for tenester som blir ytte av staten eller private helsetenester. Ho omfattar mellom anna sjukehusa, laboratorie- og radiologiske tenester, ulike rusbehandlingstilbod og akuttmedisinsk teneste. Spesialisthelsetenestelova er ei av mange lover som regulerer mellom anna ansvar og organisering i helse- og omsorgstenesta. Lova må sjåast i samanheng med andre lover fordi ei verksemd må følgje fleire lover samtidig i arbeidet. Andre lover som må følgjast, er mellom anna helse- og omsorgstenestelova, psykisk helsevernslova, smittevernlova, pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova og helsetilsynslova.

Lovens føremål

I lova er det nemnt sju viktige punkt. Til saman utgjer desse føremålet i lova, som er å

  1. fremje folkehelsa
  2. bidra til å sikre kvalitet i tenestetilbodet
  3. bidra til likeverdig tenestetilbod
  4. utnytte ressursane best mogleg
  5. bidra til at tenestetilbodet er tilpassa behovet til pasientane
  6. bidra til at tenestene er tilgjengelege for pasientane

Kven har ansvaret?

Staten har hovudansvaret for at befolkninga får eit gode tilbod innanfor spesialisthelsetenesta. Vi har fire helseføretak i Noreg: Helse Sør-Øst, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Vest. Desse skal sørgje for at personar som bur i regionen, får spesialisthelsetenestene dei treng. Det er sjukehusa i Noreg som står for store delar av spesialisthelsetenestene.

Primæroppgåvene til spesialisthelsetenesta er tenester som krev spesielle yrkesgrupper med spesialiserte fagområde. Døme på yrkestitlar kan vere kirurg, barnelege, operasjonssjukepleiar og radiolog. Pleie, omsorg og førebygging er ikkje ei av primæroppgåvene, men skal òg bli gitt av spesialisthelsetenesta der pasienten treng det.

Heilskapleg pasientforløp

For å få til eit heilskapleg pasientforløp må tenestene samarbeide på tvers av ansvarsområda. Helse- og omsorgstenesta og kommunale verksemder overtek ofte ansvaret for pasientar etter vurderinga og behandlinga i spesialisthelsetenesta. Skal pasienten sendast vidare til ein annan spesialist, er det viktig at informasjonsflyten om pasienten og varetakinga av pasient og pårørande er planlagd og blir gjennomført på ein tillitvekkande og forsvarleg måte.

Fastlegen kan vere ein viktig person i dette arbeidet saman med helsetenestene i kommunen. Pakkeforløp startar ved at fastlegen viser deg til spesialisthelsetenesta. Det er ansvaret til kommunen å følgje deg opp før du får innkalling til spesialisthelsetenesta. Til dømes ved psykisk helse og rus er tett oppfølging og koordinerte tenester viktig. Det er innført pakkeforløp for mange diagnosar.

I spesialisthelsetenestelova er brukarmedverknad viktig, og dessutan samarbeid med pårørande. For tilbodet til spesialisthelsetenesta er det avgjerande at tiltak og behandling blir vidareført i den kommunen pasienten bur i.

Utfordringar til deg

  1. Gå inn i lova og les meir om føremålet og verkeområda. Du finn lenkje som relatert artikkel under.
  2. Nemn ei verksemd som er ein del av spesialisthelsetenesta.
  3. Kva blir meint med pakkeforløp?

Kjelde

Spesialisthelsetenestelova. (1999). Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (LOV-1999-07-02-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-61.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen .
Sist fagleg oppdatert 08.11.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit