Hopp til innhald

Fagstoff

Eit knippe bli kjend-leikar

Det er viktig at du lærer namn så fort som mogleg og bruker dei. Difor kan ein del namneleikar og bli kjend-leikar vere nyttige. Her finn du nokre eksempel.
To barn med flosshatt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppa sit i ring, og alle seier ein ting dei er flinke til. Eventuelt kan ein ta med seg ting heimafrå for og vise fram til dei andre. Denne samtalen kan leie til ulike aktivitetar der ein lærer av kvarandre. Han som er god til å sy, kan lære dei andre. Han som er god til å gå tur, kan vise dei andre turløypene i området, og så vidare.

Variasjonar

  1. Deltakarane kan få i oppgåve å mime det dei er flinke til.
  2. To og to fortel kvarandre kva dei er flinke til, og så skal alle mime det partnaren deira er flink til.
  3. Denne øvinga kan naturlegvis òg handle om kva ein blir glad av, kva ein blir trist av, kva ein synest er kjedeleg, kva ein blir sint av, og så vidare. Tilpass det gjerne til temaet for dagen.

Kva har vi til felles?

To og to sit saman og finn ut kva dei har til felles. Det kan for eksempel vere alder, kva slags land dei har vore i, at dei har sett ein elg eller ein slange, at dei liker blå klede eller at dei er morgonfuglar eller B-menneske. Etterpå kan ein i plenum presentere for dei andre kva ein har til felles.

Variasjon

Også her kan ein mime eller dramatisere kva ein har felles.

Still dykk på rekkje utan å snakke

Når leiaren seier «klar», skal deltakarane i gruppa stille seg på rekkje etter kven som er eldst. Det er ikkje lov å snakke undervegs.

Variasjonar

  1. I staden for alder kan ein stille seg på rekkje etter postnummer, første bokstaven i etternamnet, augefarge (frå lys til mørk) eller høgd.
  2. I større grupper kan ein gjere dette til ein konkurranse ved å dele gruppa i to. Den halvdelen som blir først ferdig, vinn.

Bytte plass

Alle står i ring og legg ein gjenstand framfor seg for å markere plassen der dei står. Ein står i midten og har ingen plass. Han som står i midten, seier: «Eg heiter [namn], og eg [fortel noko om seg sjølv, for eksempel ein eigenskap eller noko ein liker].» Alle som har den same eigenskapen, skal no bytte plass. Viss nokon for eksempel seier «eg heiter Jorunn, og eg har ein katt», skal alle som har ein katt, bytte plass. Han i midten prøver å ta ein plass når byttet skjer, slik at ein ny person hamnar i midten.

Peik på

Ein fin og litt annleis bli kjend-leik som skjerpar sansane og konsentrasjonen. Alle går fritt rundt i rommet. Når leiaren klappar, skal alle stoppe momentant og late att auga med ein gong. Leiaren seier så «peik på» og nemner ein ting i rommet eller namnet til ein av deltakarane. Alle skal då med auga attlatne peike dit dei trur tingen eller personen står.

Fleip eller fakta?

To og to går saman. Dei skal presentere seg for kvarandre og fortelje noko som er rett, og noko som er gale. Den andre skal finne ut kva som er fleip og fakta. For eksempel kan ein gi fire opplysningar om seg sjølv, tre rette og ei galen. Ta gjerne ein gjennomgang i plenum etterpå.

«Eg heiter …, og eg gjer slik»

Alle står i ring. Ein og ein presenterer seg med å seie: «Eg heiter [namn], og eg gjer slik [gjer ei enkel rørsle].” Heile gruppa svarer med å seie: «Hei, [namn], du gjer slik.» (Heile gruppa tek opp att rørsla.)

Bytte namn

Denne leiken verkar enkel, men er vanskelegare enn ein trur. Han krev at alle har øyra opne og verkeleg lyttar til kvarandre. Alle skal gå rundt og handhelse på kvarandre. Ein helser ved å ta ein annan person i handa og seie namnet sitt. Alle «får» eit namn frå den ein helser på, og det er dette nye namnet ein skal bruke neste gong ein helser. Ein bruker altså eit nytt namn kvar gong ein helser. Når ein «får» sitt eige namn tilbake, er ein ferdig og går ut av gruppa.

Eksempel

Siri og Hanne helser på kvarandre. Siri helser ved å seie «Siri», og Hanne seier «Hanne». Dei har no fått den andre sitt namn. Neste gong Siri helser på nokon, seier ho «Hanne», og Hanne seier «Siri» neste gong ho helser på nokon.

CC BY-SASkrive av Landslaget Drama i skolen (LDS) v/ Mette Nyheim .
Sist fagleg oppdatert 01.06.2018

Læringsressursar

Skulestart