Hopp til innhald

Fagstoff

Frå tiande til TIF

Overgangen er stor frå ungdomsskule til yrkesfaga i vidaregåande. Etter ti år i grunnskulen ser mange elevar fram til å bruke hendene i tillegg til hovudet. Vi skal ta vare på denne forventinga. Det gjer vi ved å løfte blikka deira og senke skuldrene deira, byggje folk først, sidan arbeidsfolk.
Bil på verkstad, elevar i djup konsentrasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når elevane byrjar på TIF, er dei ferdige med ungdomsskulen. Elevane er ute av den skulepliktige alder. Korleis møter dei den nye situasjonen?

Kva kan du som kontaktlærar bidra med?

Eg opplevde skrekken, som mange andre har gjort, den dagen det plutseleg stod 14 ungdommar føre meg på verkstadsgolvet. 14 ungdommar som hadde høyrt rektor snakke før dei vart ropte opp og møtte meg for første gong.

Eg tenkte mest at tida måtte gå fort. Kvifor tenkte eg det? Eg tenkte at eg såg forventingar i desse 14 blikka. Kva forventa dei? Kva tenkte dei? Kva tenkte han som hadde fått 160 merknader siste året på ungdomsskulen, kva tenkte han som hadde møtt til første skuledag med hettegenser og T-skjorte? Ei T-skjorte der ordet «FUCK» lyste opp brystet i kvitt mot svart bakgrunn. Under hetta konkurrerte øyreklokkene om plassen med capsen.

Kva tenkte han som stod som limt fast til golvet ved døra og såg skuldig ut? Kva han kunne vere skuldig i, visste ikkje eg. Ein sa kva han tenkte, han ville vite når det var pause. Ein berre såg på meg med hendene i lomma. Då han tok dei opp, var dei skitne av oljesølet frå tidlegare tider som verken Zalo eller LUX fekk bukt med. Ved sida av sto han med mopedhjelmen og smilte.

Kva tenkte han med gullenkjer og solbriller i august-regnet? Den rake motsetnaden til verneskoen heilt nedst på guten var blanke, spisse og sannsynlegvis like vonde å gå i som dei tronge buksene. Kva tenkte jenta med det lange håret? Ho stod presis i den retninga der gutane lét som dei ikkje glodde. Kva tenkte han som ikkje var der? Han som ikkje hadde kome til den første dagen. Kva tenkte dei eg ikkje la merke til?

Det dei hadde til felles, var at dei var ulike. Eg tenkte: Dei skal danne eit klassemiljø, dei skal danne eit læringsmiljø. Dei skal vere venner eller uvenner. Dei skal bli mekanikarar. Dei skal ikkje bruke snus. Ikkje skal dei røyke heller. Om alt går vel, har dei eit fagbrev om fire år. Då skal dei vere pålitelege medarbeidarar som skal ha betaling for det dei gjer. No skal dei byrje på vidaregåande opplæring.

Kor vart det forresten av forventingane?

Utan von om at dei skal hugse beskjedar om vaktmeistrar og passord for å logge inn på skulesystema, der toaletta er, namnet på rektor og korleis dei skal finne fram til skulereglementet på heimesida, når bussen går og kva klasserom dei skal møte i dagen etter, blir vissa danna om at denne dagen og denne timen, dette minuttet er éin av dei augneblinkane som tydelegast fargelegg minnet til elevane.

Kva skal eg gjere som fargelegg denne dagen? Eg har gått PPU, men dette var eg ikkje førebudd for. Nokon av dei nye kollegaene mine gav meg det beste av erfaringane sine, lærarar som har møtt elevar før. Desse «one-linerane» frå fjorårets opplevingar den første dagen på TIP (no TIF) i Akershus, liknar slike anekdotar som var til hjelp for meg.

Til lesing for interesserte: her er nokre tankar frå enkelte lærarar i Akershus som seier noko om det første møtet med nye elevar.

  • Dei stod der på golvet, og eg tenkte: Kven er disse elevane? Dei er i alle fall ikkje mekanikarar. Då gjekk det opp for meg at elevane er eigentleg tiandeklassingar som har hatt sommarferie. (Ulf Scott Hagen: Jessheim VGS)
  • Mange av elevane som kjem hit, har mange års erfaring i å føle seg dumme. For å kunne endre denne kjensla tek eg meg tid og lèt elevane starte med svært enkle oppgåver. Dermed få ein pause frå dei ubehagelege situasjonane. (Per Erik Holtet: Jessheim VGS)
  • Dei lysna opp då eg sa: Kjøp verktøy i dag, for i morgon skal vi byrje å skru. (Rune Kopperud: Ås VGS)
  • Reglane skal ikkje vere ei forventning om at dei kjem til å gjere noko gale, og at det er viktig at dei kjenner konsekvensane. Ei arbeidsgruppe eg deltok i ein gong, kutta ned heile greia med reglar. Vi kom fram til at viss elevane kjem når dei skal, gjer så godt dei kan og oppfører seg som folk, representerer det dei forventningane vi diskuterte. (Ulf Scott Hagen: Jessheim VGS)
  • Eg sa frå til elevane første dagen at dei ikkje får merknad for sånt småtteri som å gløyme ei bok eller ha feil bok den første veka. Då stira dei berre først, men så spurde nokon om det ville bli merknad neste veke. Då seier eg at det blir det. (Svein Halvor Myhrvold: Ås VGS)
  • – Dei vart litt rettare i ryggen då dei fekk på seg den jakka med teksten «TIP» på ryggen. Det var ikkje for mykje stivelse i jakka, så det var ikkje derfor ryggen vart rak. Det som gjeld, er å få tak i dei kleda så tidleg som mogleg. (Lærar: Akershus)
  • – Eg krev frå dag ein at dei ikkje skal sitje i verkstaden. For elevane er dette slitsamt, og eg blir ofte upopulær. Det går over når dei skjønner at eg er der for dei og forsvarer rettane deira endå meir – vanlegvis mistar eg ikkje ein einaste elev. (Per Erik Holtet: Jessheim VGS)
  • Eg hadde sett i mappa at ein av elevane fekk anfall av prøver. Eg bad han om å måle ein diameter i den første dreiebenk-øvinga. Han visste det ikkje, men det var ei prøve. (Per Erik Holtet: Jessheim VGS)
  • Det vart så mykje å gå igjennom første dagen, at det var betre å kjøpe is og prate om el-bilar. Dei finn tidsnok ut av kvar do og rektor er. (Lærar: Akershus)
  • Viss eg skal behandle dei likt, så må eg gjere mykje ulikt. Det er resultatet som skal vere likt, ikkje behandlinga. (Per Erik Holtet: Jessheim VGS)
  • Eg kjem alltid først inn og er først til å legge mobilen i mobilhotellet. Då er det noko vi gjer og ikkje noko dei gjer. Slik har eg unngått mange diskusjonar. (Svein Halvor Myhrvold: Ås VGS)
  • Livet som lærar vart mykje lettare den dagen eg skjønte at dei skulle rydde etter seg i staden for å rydde etter berre seg. Ein klasse består av dei som går i han. Det er først når dei kallar seg «vi», at dei går i same klasse. Dei skjøner det etter kvart. (Ulf Scott Hagen: Jessheim VGS)
  • Det blir ein mykje betre klasse om ein lèt elevane få tid til å få bli godt kjent med kvarandre, før dei får kjennskap til kunnskapsnivået til kvarandre. (Per Erik Holtet: Jessheim VGS)
  • Dei skal ha karakterar til slutt, men vanlege prøver blir det lite av. No skal vi ha ein roleg og sosial start, for her er det ikkje éin enkelt elev som skal vinne. (Per Erik Holtet: Jessheim VGS)
CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Skulestart