Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klassemiljø og relasjonar

Å vere elev på vidaregåande skule handlar om meir enn å berre tileigne seg og bruke ny fagkunnskap. Den fysiske, psykiske og sosiale tilstanden har også stor betydning for korleis ein har det på skulen. Denne oppgåva handlar om klassemiljø og relasjonar.
Ei jente står på ein benk i jentegarderoben og les frå ei bok. Dei andre jentene ser på henne. Foto.

Oppgåve 1

Klippa frå denne filmen er henta frå kortfilmen "Full kontroll". Handlinga er frå ein vidaregåande skule, og settinga er ein kroppsøvingstime.

Sjå filmklippa. Svar deretter på spørsmåla.

A) Mavi

Beskriv korleis du trur Mavi har det her. Grunngi svaret.

B) Minda

Korleis reagerer du når du ser denne scena? Kvifor? Kva trur du får Minda og dei andre jentene til å behandle Mavi på denne måten?

C) Kai

Beskriv korleis du trur Kai har det her. Grunngi svaret. Kva kommuniserer gutane eigentleg i dette klippet? Stikkord kan vere kroppsspråk, ordval og formulering.

D) Simen

Kva får Simen til å angripe Kai? Kva ville du gjort i Kai sin situasjon?

Oppgåve 2

Sjå heile filmen. Gjer refleksjonsoppgåvene under etterpå.

  1. Kvifor oppstår slike situasjonar i utgangspunktet?
  2. Kva kan de gjere for å unngå denne typen situasjonar? Finst det andre måtar å løyse slike situasjonar på?
  3. Korleis kommuniserer vi med kvarandre i kvardagen? Er det forskjell på kommunikasjonen du har med nære vener, klassekameratar og foreldra dine? Er det situasjonsavhengig? Diskuter! Stikkord: kroppsspråk, blikk, ordval.
  4. Korleis kan de som klasse jobbe for å få eit godt klassemiljø?


Blir du eller nokon du kjenner, utsett for mobbing? Les meir på ung.no.

Du kan også ringe, sende e-post eller chatte anonymt med "Kors på halsen".

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019

Læringsressursar

Skulestart