Hopp til innhald

Fagstoff

Å bruke folketeljingane

Folketeljingane er lister over innbyggarane i Noreg på eit bestemt tidspunkt. Dei store folketeljingane i Noreg etter år 1800 finn vi på nett på heimesidene til Digitalarkivet.
Handskriven protokoll med fire kolonnar. Foto av kjelde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis bruke folketeljingane

Folketeljingane inneheld mange opplysningar, mellom anna om familie- og buforhold. Både for byane og for landsbygda finn vi informasjon om kor mange som budde i husa. Bygningen har gjerne eit nummer som du kan klikke deg vidare på. For dei som budde på gardar, noko eit klart fleirtal gjorde på 1800-talet, finn vi informasjon om talet på dyr, dyreslag, samt om kva dei dyrka. Av personopplysningar finn vi mellom mykje anna informasjon om yrke og fødselsår.

Når du skal søke, bør du vite namn på personen og kor ho eller han kom frå. Om du i tillegg veit fødselsår og kanskje namnet til faren, kjem du langt.

Gå inn på heimesidene til Digitalarkivet. Vel ei av folketeljingane der. I dette dømet bruker vi den frå 1865. Deretter kan du velje fylke og kommune. Når du er kommen inn i folketeljinga til kommunen, kan du søke på namn, sivilstand, alder, kjønn, fødestad med meir.

Døme

Her har vi laga eit døme som det går an å prøve seg på for å bli kjend med folketeljingane.

Frå framsida til Digitalarkivet kan du velje "Avansert personsøk". Du finn det under søkefeltet. I venstre kolonne kan du filtrere på kategori og geografi. Klikk på "Kategori" og vel "Folketeljinga 1865". Gå deretter inn på "Geografi" og vel Nord-Trøndelag og Sparbu. Deretter bruker vi eit namn som mange har. Fyll ut personinformasjon ved å skrive "Johan" som førenamn og "Olsen" som etternamn. Klikk på "Søk".

Finn Johan Peter Olsen, fødd i 1864, og klikk på namnet hans. Då får vi opp informasjon om Johan og alle som budde på same gard. Den informasjonen vi kan finne om Johan Peter Olsen er følgande:

  • Bustad/gardsnamn: Søndre Tønne
  • Familiestilling: hans son – vi må gå lenger ned på lista for å sjå kven han er sonen til.
  • Sivilstand: ugift
  • Alder: 2 år
  • Fødestad: Sparboen

Ved å gå lenger ned på lista ser vi at gardbrukaren på Søndre Tønne er Peter Johnsen. Han er 58 år og gift med Hanna Hansdatter, som er 61 år. At dei er foreldre til ein gut på 2 år, er lite sannsynleg. Lenger ned på lista finn vi Ole Andersen, 30 år. Han er "innerst" og svigerson til gardbrukaren. Han er gift med Hanna Marie Petersdatter og driv jordbruk saman med svigerfaren. Desse to har tre barn på sju, fem og to år (Johan Peter Olsen). Det finst også ein tenestedreng på garden.

Vi kan òg klikke på sjølve gardsnamnet Søndre Tønne øvst sida. Då får vi opp følgande informasjon:

  • Heimehøyrande personar: 12
  • Tal på hushald: 2
  • Utsæd (det som blir dyrka): Kveite, rug, bygg, havre og potetar
  • Husdyr: 2 hestar, 8 kyr, 14 får (sauer) og 4 svin (griser).

Vi kan altså seie ganske mykje ut frå funn i folketeljingane. Om du veit kvar ein person har flytta etter til dømes å ha gifta seg eller for å studere, kan du finne personen i fleire folketeljingar. Då kan du finne ut mykje om livet til den personen berre ut frå folketeljingane.

Relatert innhald

Alle menneske set spor etter seg. Ved å forske på ein historisk person, kjend eller ukjend, kan du finne ut mykje om den tida personen levde i.

For å komme i gang med slektsforsking bør du starte med å snakke med foreldre, besteforeldre, oldeforeldre eller andre som kan fortelje om slekta.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2022

Læringsressursar

Dokumentstudiar og innhaldanalyse