Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis jobbe seg bakover i slekta

For å komme i gang med slektsforsking bør du alltid starte med å snakke med foreldre, besteforeldre, oldeforeldre eller andre som kan fortelje om slekta. Hugs alltid å notere ned alle opplysningar.
Handskriven protokoll med fire kolonnar. Foto av kjelde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om du skal komme langt tilbake i tid, må du som regel også bruke andre kjelder enn familien. Det er uansett lurt å dobbeltsjekke opplysningane du får frå slektningane dine. Då er folketeljingane ein bra stad å starte.

Digitalarkivet

På Digitalarkivet finn du folketeljingar frå 1801 til 1920. Det vil seie at du må finne opplysningar om personar som levde i 1920 eller tidlegare for å komme i gang. Du finn ein introduksjon til korleis du brukar folketeljingane i Å bruke folketeljingane. Om du ønsker å komme vidare i slektsforskinga, må du bruke ein kombinasjon av ulike kjelder. Her skal vi vise korleis du kan kombinere folketeljingar og listene over fødslar og dåp i kyrkjebøkene for å jobbe deg bakover i slekta.

Det kan vere lurt å bruke ein database når du driv slektsforsking. Det finst fleire digitale slektstre på nett, som eignar seg godt til dette. Dei er som regel gratis opp til eit visst tal slektningar.

Sjå til dømes nettressursane til My Heritage eller Geni.com

Henrik Ibsen

Portrett av Henrik Ibsen. Foto.

Vi bruker Henrik Ibsen som døme, og prøver å finne foreldra hans. Sidan Ibsen ikkje er eit så vanleg namn, kan du prøve å skrive namnet i søkefeltet på framsida av Digitalarkivet. Henrik Ibsen var fødd i Skien og heitte Johan til mellomnamn. Søk på "Henrik Johan Ibsen". Du får opp ei liste med dei mest relevante treffa øvst. Ingen av treffa gir oss namn på foreldra til Henrik, men fødselsdatoen hans og fødestaden står oppført i samband med giftarmålet. Då veit vi at han vart fødd 20. mars 1828 i Skien.

For å finne namna til foreldra til Henrik kan du no prøve å finne dåpen hans i dei skanna kyrkjebøkene. Gå til framsida på Digitalarkivet og vel "Skanna arkiver" under menyen øvst til høgre. Klikk deretter på "Bla i kirkebøker i Norge" under "Kirkebøker". Skien ligg i Telemark, så då må du velje riktig fylke. Vel også Skien sokn og trykk "Søk". På 1800-talet vart det som regel skrive to kyrkjebøker: ministerialbøkene, som soknepresten skreiv, og klokkarbøkene, som klokkaren skreiv. Dei skal innehalde det same, og om du ikkje finn det du leitar etter i den eine, eller ikkje forstår handskrifta, kan du sjå i den andre.

Denne lenka fører til søk på Henrik Ibsen i Digitalarkivet.

Ministerialboka er i gotisk skrift og har handskrivne oppføringar. Gutebarn og jentebarn står på kvar si protokollside. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne lenka fører til søk på Knud Ibsen, far til Henrik Ibsen, i Digitalarkivet.

Prøv ministerialboka for Skien for 1814–1843. Klikk på "Innhold". Klikk på åra 1826–1828 under "Fødte og døpte". Det første du bør gjere når du opnar ei kyrkjebok, er å finne ut korleis ho er ordna. Denne kyrkjeboka har ei side for "Mandkjøn" og ei for "Qvindekjøn". Du treng berre å konsentrere deg om dei venstre sidene, dei for "Mandkjøn". Kolonnane viser fødselsdato, namn på barnet, dåpsdato, foreldre, fadrar og merknader. Dette er ei liste over døypte barn, så ho er ikkje ordna etter fødselsdato. Det kunne ofte ta mange månader før barnet vart døypt, så det kan vere lurt å leite eit stykke inn i neste år, særleg om barnet er fødd seint på året. I dette tilfellet må vi bla litt før vi kjem til 1828. Det kan vere lurt å endre biletstorleiken, slik at skrifta blir lettare å lese.

Når du kjem til overskrifta "For Kirkeaaret 1828", må du byrje å leite etter riktig namn. Om du trur at du kan ha funne rett, må du sjekke dei andre opplysningane mot det du veit frå før. Øvst på ei av dei første sidene står namnet "Henrich Johan". Til venstre står det riktig fødselsdato, og til høgre står det at faren heiter Knud Ibsen og mora heiter Marikken Altenborg. Dette kan vere litt vanskeleg å lese, men når du veit kva du leitar etter, er det ofte lettare å skjønne.

Den tidlegaste digitaliserte folketeljinga er frå 1801. Foreldra til Henrik Ibsen kan ha vore fødde før det. Gjer eit søk i alle kjeldene på Knud Ibsen. Hvis du leiter litt nedover i lista, finn du Knud Ibsen frå folketeljinga i 1801. Klikk på namnet for å sjå detaljar. Han er tre år og bur saman med bror sin og mor si. Mora, Johanne Catharine Plesner, har gifta seg på nytt med skipper Ole Paus (som elles er tipptippoldefaren til visesongaren Ole Paus). Dei har rokke å få to barn på to år. Mykje tyder på at far til Knud døydde om lag samstundes som Knud vart fødd.

Prøv sjølv

Klarer du å finne meir informasjon om mor til Henrik Ibsen, Marikken Altenborg?

Finn du ikkje det du leitar etter?

Det kan vere mange grunnar til at du ikkje finn det du leitar etter. Her er eit lite oversyn med framlegg til løysingar.

  • Kjeldene kan ha feil eller manglar. Prøv å finne alternative kjelder. Du kan finne interessante opplysningar i andre delar av kyrkjebøkene, til dømes konfirmasjon, bryllaup eller gravferder. Ein del av kyrkjebøkene er digitaliserte og moglege å søke i. Du kan også søke på internett. Kanskje andre alt har forska på denne delen av slekta og lagt det ut på nett? Ei anna løysing kan vere å søke etter namnet i det digitale innhaldet på Nasjonalbiblioteket eller be om hjelp på forumet til Digitalarkivet.
  • Skrivemåten for namn kan variere eller vere forkorta (jf. Henrik og Henrich). Prøv deg fram med ulike skrivemåtar når du søker.
  • Årstala i folketeljingane fram til 1865 er automatisk rekna ut etter oppgitt alder. Personen kan altså vere fødd året før. Om du skal leite i dåpslistene, bør du derfor starte med å leite eitt år tidlegare, og sidan det ofte tok tid før barn vart døypte, bør du halde fram å leite i året etter før du eventuelt gir opp.
  • Slektsnamn som gjekk i arv, vart vanlege først mot slutten av 1800-talet. Før det brukte ein ofte namnet til faren som etternamn etterfølgt av -sen eller -dotter. Eit unnatak var dei som var ein del av borgarskapen (til dømes familien Ibsen). Gradvis gjekk fleire og fleire over til å bruke slektsnamn som gjekk i arv, ofte namnet på garden eller plassen ein budde på, i kombinasjon med eit -sen eller -dotternamn. Mange heldt fram med å la eit -sennamn gå i arv som slektsnamn. Om du ikkje finn slektsnamnet ditt på 1800-talet, kan du prøve å bruke namnet på faren etterfølgt av -sen eller -dotter. Det går også an å sjekke same gardsnamn eller adresse i ei tidlegare folketeljing og jobbe seg bakover på den måten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2022

Læringsressursar

Å utforske fortida