Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ei historisk kjelde?

Når vi skal danne oss eit bilete av historiske hendingar, er vi avhengige av å tolke kva ulike primærkjelder fortel.
Historisk dokument frå ein rettsprotokoll mot ei trollkvinne i 1652. Dokumentet er håndskreven. Kjelde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Primærkjelder og sekundærkjelder

Historia, som vi kjenner henne, er eigentleg ei attforteljing basert på fragment overlevert oss frå fortida. Desse fragmenta kallar vi kjelder, og dei kan vere alt frå bilete, film, lydband, brev (private og offentlege), aviser og plakatar. Sjølv små frimerke og myntar kan vere kjelder. Dette kallar vi primærkjelder.

Ein historikar som skriv ei lærebok eller lagar ein digital læringsressurs i historie, må byggje forteljinga si på nettopp slike primærkjelder. Den forteljinga henskriv, kallar vi da for ei sekundærkjelde.

Historikaren kan intervjue personar som opplevde tida hen skriv om. Eit slikt intervju er også ei primærkjelde. Men dessverre er det ofte slik at personen ikkje lever lenger, og kva da? Den heilskapen som primærkjelda var ein del av, er borte. Historikaren må da bruke dei få kjeldene som er bevart, for å lage ein ny heilskap.

Illustrasjon av den norrøne guden Odin på eit gammalt islandsk manuskript. Odin har rød kappe med mønster og sverd i handa, og to fugler på skuldra. Gotisk skrift omring Odin.  Foto av kjelde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beretninger og levninger

Ei kjelde kan lesast som ei skildring, ei forteljing om sjølve hendinga, om det som hende.

  • Førstehandsskildring eller augevitneskildring er opplysningar gitt av ein person som sjølv har vore til stades ved ei hending. Ei slik skildring inneheld det personen sjølv har sett og opplevd, fortalt ved eigne ord, bilete, film eller liknande.

  • Ei andrehandsskildring er ei attforteljing av ei hending, ei skildring som er gjeven att på grunnlag av noko andre har opplevd og fortalt om. Det kan for eksempel vere ein avisartikkel frå samtida.

Eit eksempel på ei førstehandsskildring er forklaringa til ein person som sjølv har opplevd ei ulykke. Ein avisartikkel skriven av ein journalist som kom til ulykkesstaden seinare, er eit eksempel på ei andrehandsskildring.

Ei kjelde kan også vere ei leivning som fortel om situasjonen kjelda er blitt til i. Er ulykkesforklaringa skriven på vanleg papir eller i eit skjema? Er det brukt blyant eller penn? Er skrifta klar og tydeleg eller utflytande og svak? Alt dette kan fortelje oss om personen som skreiv forklaringa, var roleg eller sterkt prega av ulykka.

Å tolke kjelder

Det er viktig å hugse at ei bok eller ein læringsressurs som du kan ha tilgang til, berre er éin av fleire moglege måtar å tolke fortida på. Kjeldene kan tolkast forskjellig. Ei tolking frå førre generasjon blir ofte sett på som ei feiltolking av historikarar av neste generasjon.

I historiefaget er det derfor viktig å lære å stille kritiske spørsmål til det du les. Kanskje kan dei kjeldene læremiddelet refererer til, tolkast på ein annan måte? Eller kanskje du heller ville lagt vekt på andre emne enn det læremiddelet ditt gjer?

Still spørsmål til kjeldende

I møte med primærkjeldene er det viktig å stille desse spørsmåla:

  • Kva slags kjelde er dette?

  • Når vart kjelda skapt?

  • Kven laga kjelda?

  • Kva var føremålet med å lage denne kjelda?

  • Kor vart kjelda til?

  • Kvifor vart kjelda skapt?

Er kjelda truverdig?

Ein kan også ha i bakhovudet at kjelder dessverre ikkje alltid er til å stole på. Det er derfor viktig å spørje om truverdet til kjelda. Kan vi stole på at det kjelda fortel oss, er sant?

Eit anna viktig spørsmål går på autentisiteten til kjelda. Er kjelda verkeleg så gammal som ho ser ut til? Kan vi stole på at kjelda er ekte? Dette kallar vi kjeldekritikk.

CC BY-SASkrive av Patricia Haeck og Gunn Løwe. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Å utforske fortida