Hopp til innhald

Fagstoff

Kan vi bruke sagaer som kjelde?

Ei av dei viktigaste kjeldene vi har til vikingtida, er sagaer. Dette er forteljingar om livet til nordmenn og islendingar i vikingtida. Men kan vi eigentleg sjå på sagaer som ei påliteleg kjelde? Her skal vi konsentrere oss om ættesagaene.
Tre vikingskip. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein saga?

Vi kallar prosatekstane om livet på Island og i Noreg i vikingtida for sagaer. Ein prosatekst er ei forteljing som ikkje er skriven på rim. Det er den forteljarstilen som blir brukt i til dømes romanar. Sagaene blei skrivne ned på 1200-talet på Island. Men dei handlar om perioden frå 800-talet til det tidlege 1100-talet. Handlinga er hovudsakleg lagt til Noreg og Island.

Vi skil mellom ulike typar sagaer, men i det følgjande skal vi konsentrere oss om ættesagaene som kjelde.

Kort om kongesagaer først

I Noreg er det nok spesielt Snorre Sturlason sine kongesagaer som er kjende. Desse handlar om dei store norske kongane, livet deira, kristninga av Noreg og kjende slag om makta. Det er gjennom desse sagaene vi har blitt spesielt godt kjende med historiene om Olav den heilage, Harald Hårfagre, Gyda og andre norske stordommar frå vikingtida og mellomalderen.

Ættesagaer

Ættesagaer fortel om ætter og hendingar på Island i perioden 900–1000. Denne perioden blir gjerne omtalt som landnåmtida, det vil seie den tida då nordmenn tok land og busette seg på øya.

Eit anna namn på ættesagaene er islendingesagaer. Saga (eller soge) betyr ‘forteljing: noko som blir sagt fram', og sagaene blei opphaveleg framførte av forteljarar som rein underhaldning.

Ein del av verdslitteraturen

Islendingane er stolte av sagaene sine. Sagaene blir rekna som stor kunst og er ein viktig del av verdslitteraturen. Mange kjende forfattarar gjennom tidene har hatt islendingesagaene som førebilete. På 1600-talet blei det funne 700 pergamentsrullar (kalveskinn som det er skrive på) på Island. Desse blei så skrive ned og samla.

Alt i alt finst det i dag ca. 40 sagaer. Njålssagaen blir rekna som den viktigaste. Andre kjende sagaer er Sagaen om Egil Skallagrimsson, Sagaen om Gisle Sursson, Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Sagaen om laksedølane.

Kan vi bruke ættesagaene som kjelde til vikingtida?

Men kan vi eigentleg stole på innhaldet i dei gamle ættesagaene? Har det som står i forteljingane verkeleg skjedd? Særleg dei siste 100 åra er dette spørsmål historikarar i Noreg og på Island har stilt seg. For det er nokre problem ved å bruke ættesagaene som beretning, altså som kjelde til hendingar i vikingtida:

Problem 1: Avstand i tid

Sagaene blei altså skrivne ned på 1200-talet, men handlar om livet til menneske som levde 200–300 år tidlegare. Forteljingane om desse har blitt fortalde munnleg gjennom generasjonar. Kan vi eigentleg stole på munnlege overleveringar som har gått gjennom så mange ledd?

Problem 2: Fiksjon eller røyndom?

Ein del historikarar meiner at dei som skreiv ned sagaene på 1200-talet, må sjåast på som forfattarar heller enn nedskrivarar. Dei var meir opptekne av å lage gode historier enn å skrive ned dei munnlege forteljingane på sannferdig vis. Dermed kunne dei gjerne leggje til ein del for å gjere historia endå betre. Underhaldning var altså viktigare enn å vere sannferdig.

Enkelte forskarar meiner at ættesagaene rett og slett må lesast som vi les romanar i dag. Vi må sjå på hovudpersonane som oppdikta. Mange av sagaene er dessutan så lange og forseggjorde at dei umogleg kan ha blitt overleverte munnleg i hundrevis av år.

Problem 3: Forfattaranes eigne haldningar

Kanskje er sagaene heilt ubrukelege som kjelder til vikingtida, men kan heller brukast som kjelder til Noreg på 1200-talet? Det har blitt peika på at verdisettet til forfattarane på 1200-talet skin gjennom i ætte- og kongesagaene. Spesielt tydeleg kjem dette til syne når det er snakk om personar som blir kristne. Då kan vi lese at det beste som har skjedd Island, var at samfunnet gjekk frå å tilbe dei norrøne gudane til å be til Gud og Jesus, noko som utan tvil viser haldningane til skribenten.

Men likevel verdifulle...

Men om ikkje det som står i ættesagaene er sant, så kan sagaene fortelje oss noko om kva verdiar, normer og levesett vikingane hadde. Synet på venskap, ære, ætt og ettermæle hadde ikkje blitt snudd heilt på hovudet på 200 år. Dermed kan vi bruke ættesagaene som kjelde til å forstå mentaliteten til vikingane. Når vi les ættesagaene, kan vi finne ut:

  • noko om forholdet vikingane hadde til ætta
  • kva som var viktig for vikingane
  • kva kjønnsroller som fanst i vikingtida
  • korleis vikingane skaffa seg ære og eit godt ettermæle
  • kva ideal vikingane hadde
  • korleis vikingane løyste feidar

Eller ikkje...?

Samtidig meiner ein del historikarar at det faktisk er slik at islendingane som skreiv ned sagaene på 1200-talet, hadde ganske andre verdiar og normer enn nordmenn og islendingar 200 år tidlegare. Kristendommen var innført, og særleg den geografiske avstanden mellom Noreg og Island gjorde at vi òg må vere kritiske til om dei verdiane det blir fortalt om i sagaene, heller tilhøyrer ein islending på 1200-talet enn ein nordmann eller islending på 1000-talet.

Konklusjon

Vi kan konkludere med at vi må vere forsiktige med å bruke sagaer som beretning, altså som kjelde til vikingtida. Det som står i desse forteljingane, er ikkje sanning, men heller oppdikta historier. Ættesagaene bør vi kanskje lese som romanar: Det som står her er fiksjon, og det same er tilfelle for hovudpersonane. Samtidig har dei ein historisk kjerne.

Rettare er det å lese islendingesagaene for å få innsikt i verdiane frå mellomalderen og vikingtida. Og sjølv om samfunnet nok hadde forandra seg frå hendingane skjedde i vikingtida til dei blei skrivne ned i mellomalderen, så var den tida dei skreiv om, langt likare deira tid enn vår. Ved å lese desse sagaene kan vi altså få innsikt i at forfedrane våre levde etter normer og verdiar som var svært ulike dei vi har på 2000-talet.

Kilde

Helle, K. (2011). Hvor står den historiske sagakritikken i dag? Henta frå file:///C:/Users/AFK02959/Downloads/49-48-1-PB.PDF

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Oddvar Engan og Ragna Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Å utforske fortida