Hopp til innhald

Fagstoff

Å forske på ein person

Alle menneske set spor etter seg. Korleis kan vi forske på heilt vanlege personar gjennom kjeldene dei har etterlate seg?
Ein familie sit på trappa til eit hus: mor i svart kjole, far i svart dress, tre små gutar i dress og ei lita jente i kjole. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor?

Ein historisk person kan vere både ein kjend person som "alle" veit kven er og meir ukjende personar. Dei fleste finst det kjelder på. Kanskje vil du forske på nokon i familien din?

Vi vil vise at ved å velje å forske på ein heilt vanleg person, kan ein finne ut mykje om den tida personen levde i. Lover, reglar og normer for korleis ein skulle oppføre seg, ville verke inn på livet til vedkommande. Det same ville store hendingar i samtida gjere. Til dømes vil ein ved å sjå på nokon sitt liv i 1905 kunne seie noko om korleis unionsoppløysinga med Sverige verka inn på folk. Kanskje vil du då finne ut at dei som budde i grenseområda til Sverige, hadde eit sterkare engasjement om dette enn dei som budde ved kysten. Å personifisere historia er ein fin innfallsvinkel til å sjå nærare på ei spesiell tid eller eit spesielt område.

Det er òg viktig å vere bevisst på dei spora ein sjølv etterlèt seg, spesielt i dag med digitale tenester og sosiale medium. Spora du etterlèt deg blir endå fleire enn dei som er igjen etter oldeforeldra dine. Tenk på at dei bileta du legg ut av deg sjølv, opprop du skriv under på, og oppgåver du legg ut på internett, kan søkjast opp om 100 år.

Korleis?

For dei fleste av oppgåvene vi legg ut på NDLA, har vi gjort det enkelt for deg ved at vi alt har funne fram til kjeldene. Om du skal finne kjelder sjølv, må du vite kvar du skal leite. Det finst både private arkiv og offentlege arkiv. I Noreg har vi Arkivverket som inkluderer både Riksarkivet og Statsarkivet for alle regionane i Noreg. Det finst òg byarkiv/kommunearkiv og interkommunale arkiv.

Metode

Kjelder om ein person kan mellom anna vere private brev og dagbøker, vitnemål, folketeljingar og kyrkjebøker.

Ved å lese dokumenta nøye kan ein finne ut mange ting om tida dei er skrivne i, og om personen dei handlar om. Når vi skal studere kjelder, er det viktig at vi først finn opphavssituasjonen. Ein må rett og slett på jakt i dokumenta for å finne svar. Ved å bruke sentrale spørjeord kjem du langt. Kva tid? Kven? Kva? Kvar? Kvifor? Om du skriv ned svar på spørsmål som byrjar med desse spørjeorda, kan du til slutt lage ei heil historie om personen du har valt ut.

Portrett av Julius Paltiel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aktuelle lenkjer

Digitalarkivet

Arkivverket

Arkivverket: Nybegynner i slektsgransking

Tips knytte til slektsgransking kan godt brukast til å finne kjelder til personar du ikkje er i slekt med òg.

Tabell skriven med handskrift som ifølgje overskrifta viser "samlet folkemengde femtende august 1769". Det totale folketalet var på 723618 personar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Lag ei historisk framstilling av korleis kvardagslivet til familien din har blitt påverka av krig i fleire generasjonar.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2018

Læringsressursar

Dokumentstudiar og innhaldanalyse