Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Familien min i krigens dagar

I denne oppgåva skal du forske på eigne slektningar, og korleis krigar opp gjennom historia har påverka livet deira.
Fem barn med gammaldagse skulevesker og ranslar ber suppespann i lag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krig og kvardagsliv

I løpet av ein 200-årsperiode har Noreg vore direkte involvert i krigshandlingar fleire gonger – som ein del av Danmark-Noreg under Napoleonskrigane på 1800-talet, som okkupert territorium under den andre verdskrigen, og som medlem av innsatsstyrkane til Nato i Irak, Libya og Afghanistan på 2000-talet.

Den første verdskrigen og den kalde krigen påverka også kvardagsliv og samfunnsliv i Noreg, sjølv om landet vårt ikkje var direkte involvert. Mange som bur i Noreg i dag, har dessutan med seg minne frå krigar andre stader i verda.

Arbeidsoppdrag

Du skal no lage ei tidslinje ved hjelp av verktøyet H5P Timeline som framstiller korleis familien din, eller dine nærmaste, har vorte påverka av krig gjennom generasjonar. Hugs at forteljingar frå kvardagslivet er like interessante som forteljingar om modige krigsheltar.

Bruk eldre slektningar eller kjenningar som munnlege kjelder. I tillegg kan du bruke dagbøker, brev, bygdebøker og personopplysningar på Internett. Besøk gjerne også Statsarkivet eller regionale arkiv på heimstaden din. Der kan du få hjelp til å finne informasjon om slekta di.

Bruk arkiva!

Leit på nettsidene til

Arkivverket

Bruk gjerne Digitalarkivet for å søke etter personar eller finne historisk bilete.

Skriv små forteljingar om kva dei ulike familiemedlemene opplevde, og plasser dei på tidlinja. Det blir ekstra fint om du også legg inn bilete frå gamle fotoalbum, fotografi av gamle dokument, eller bilete frå dei hendingane som slektningane dine vart involverte i. Du kan også gjere korte lyd- og videoopptak og publisere desse som ein del av framstillinga di. Hugs å spørje medverkande om lov før du gjer dette.

Lykke til!

Om du bruker tid på dette arbeidsoppdraget, lærer du garantert mykje om din eigen familie, men også mykje om korleis krig og konfliktar påverkar livet til einskildpersonar og det samfunnet dei er ein del av.

Relatert innhald

Alle menneske set spor etter seg. Ved å forske på ein historisk person, kjend eller ukjend, kan du finne ut mykje om den tida personen levde i.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2023

Læringsressursar

Krigen i Noreg