Nasjonal Samling – deltaking og rekruttering
Den 25. september 1940 gjorde den tyske okkupasjonsmakta NS til det einaste lovlege partiet i Noreg. Gjennom fem krigsår freista partiet å "nyordne" det norske samfunnet i tråd med ideologien sin.
I løpet av dei aller første dagane av okkupasjonen tok tyskarane kontroll over aviser, kringkasting, kino og teater ved hjelp av sensur. Medlemmer av Nasjonal Samling (NS) hjelpte dei etter kvart med det. Men korleis fekk ein rekruttert medlemmer til NS?
Vidkun Quisling
Vidkun Quisling var ein offiser og politikar som levde frå 1887 til 1945.
Før andre verdskrigen var Quisling forsvarsminister i bondepartiregjeringa frå 1931 til 1933.
Quisling er mest kjend for å ha stifta Nasjonal Samling (NS) i 1933 og for å ha utført statskupp den 9. april 1940, der han proklamerte seg sjølv som statsminister. Etter tysk press måtte han trekke seg den 15. april 1940.
Okkupasjonsmakta erklærte likevel i september 1940 NS som einaste lovlege parti i landet. Den 1. februar 1942 blei Quisling utnemnd til "ministerpresident" og sjef for ei "nasjonal regjering" av ministrar som alle var medlemmer av NS.
Vidkun Quisling blei dømd til døden som landsforrædar og avretta ved skyting 24. oktober 1945.
Europa var i mellomkrigstida prega av frammarsjen av nazistiske og fascistiske rørsler. Nasjonal Samling kan sjåast som ein norsk utløpar av dette. Fascismen var prega av sterk nasjonalisme, arbeidarfiendtlegheit, kommunistfrykt, rasisme og anti-semittisme, og han var anti-demokratisk, militaristisk og imperialistisk. Denne politiske retninga slo gjennom i europeiske land som tapte første verdskrigen i 1918, og i land der demokratiet var kvelt alt før det fekk ein sjanse.
Før okkupasjonen var NS eit lite parti, men etter den tyske okkupasjonen auka medlemsmassen mykje. Partiet fekk også økonomisk støtte frå statskassa. Dette gjorde det mogleg å bygge opp eit stort partiapparat. Det høgste medlemstalet oppnådde partiet i 1943, da det hadde 43 400 medlemmer.
Nasjonal Samling var under okkupasjonstida sett saman av folk frå heile befolkninga, men middelklassa var sterkast representert. Medlemsmassen hadde i gjennomsnitt høgare utdanning enn resten av befolkninga. Delen av funksjonærar og forretningsfolk var høgare enn mellom innbyggarane elles. Samanlikna med andre parti hadde NS ein stor del kvinner: ein av tre NS-medlemmer var kvinne. I tillegg var over 30 prosent av medlemmene i åra 1940–45 under 30 år.
Frå denne gruppa skulle det rekrutterast menn til å leie og kontrollere alle viktige institusjonane i samfunnet unnateke handels- og industribedrifter. Hausten 1940 utnemnde det NS-leidde Innanriksdepartementet eit NS-medlem som ny fylkesmann. Så blei det kommunale sjølvstyret avskaffa, og nye ordførarar skulle styre etter førarprinsippet. Det vil seie at dei tok alle kommunale avgjerdene på eiga hand og var ansvarlege berre overfor fylkesmannen, ikkje overfor innbyggarane. Andre leiarar i offentleg forvaltning, som politimeistrar og politiinspektørar, rektorar og brannsjefar, og til og med biskopen i Nidaros, blei skifta ut med NS-folk etter kvart.
Nasjonal Samlings Ungdomsfylking (NSUF) var delt inn i ein guttehird og ein jentehird. Namnet hird skulle knytte organisasjonane til gammal norrøn tradisjon og vikingtid. I Guttehirden var det eigenskapar som mot og hardheit som gjaldt. Jentehirden var oppteken av det som samfunnet såg på som tradisjonelle kvinnelege verdiar. Dei som ønskte å melde seg inn i ungdomsrørsla til NS, måtte fylle ut eit skjema med mange punkt. Der måtte ein bevise at ein var av arisk avstamming og ikkje hadde jødar i familien.
I februar 1942 blei medlemskap i NS Ungdomsfylking gjord obligatorisk, og dette blei formidla frå Kyrkjedepartementet. Dette vekte sterke reaksjonar mellom lærarar og foreldre.
Obligatorisk medlemskap
«Enhver norsk gutt eller gjente skal for sin nasjonale oppdragelses skyld og for å tjene sitt folk og fedreland tjenstgjøre i N.S. Ungdomsfylking.»
I løpet av sommaren 1940 blei alle andre politiske parti enn Nasjonal Samling forbodne. Ut over hausten tedde partiets kamporganisasjon, "Hirden", seg stadig meir trugande i bygatene der dei marsjerte rundt i dei svarte uniformene sine. Etter at publikum hadde byrja å pipe då ein tysk propagandafilm blei synt som forfilm i Verdensteateret i Trondheim, gjekk Hirden laus på folk dei meinte hadde delteke i dette. Dei provoserte også til bråk i Studentersamfundet for å få avsett formannen der.