Hopp til innhald

Fagstoff

Vurdering og nettundervisning

Kva skjer når vi flyttar både undervisning og vurdering ut av klasserommet? Korleis kan vi sikre at elevane får vist kompetansen sin på mange ulike måtar? Kva moglegheiter gir ulike verktøy og metodar?
Kvinne som held begge tomlane opp. Foto.

Formativ eller summativ vurdering?

Når ein elev må ha nettundervisning/heimeundervisning, kan det vere vanskeleg å halde same faglege trykk og progresjon som i klasserommet. Dersom alt elevane gjer i løpet av ein skuledag skal dokumenterast skriftleg, blir det mykje jobb for både lærarar og elevar. Samtidig treng læraren informasjon om at eleven når læringsmåla sine, og vurderingsgrunnlag for å setje standpunktkarakterar.

Mange elevar kan ha utfordrande arbeidsforhold heime eller på den institusjonen dei er på. Tenk derfor nøye over om du må ha daglege innleveringar av arbeid, eller om det er mogleg at eleven arbeider med fagstoffet på andre måtar. Kanskje skal ikkje arbeidet leverast inn i det heile teke, men heller vere eit grunnlag for ein videosamtale mellom deg og eleven?

Det er òg viktig at elevane får vite kva som er hensikta med oppgåvene dei får, og om arbeidet dei leverer skal vurderast. Får eleven moglegheit til å revidere og jobbe vidare etter tilbakemeldingar (formativ vurdering), eller er det eit avslutta arbeid med karakter (summativ vurdering)?

Lag tverrfaglege oppgåver

Ein måte å redusere innleveringspresset på, er å samarbeide med andre faglærarar om tverrfaglege oppgåver. Då kan elevane levere eitt arbeid som viser kompetanse i og på tvers av faga.

Det kan vere lurt å variere mellom ulike vurderingsformer og korleis elevane skal vise kompetansen sin. Dei kan vise kompetansen sin ved hjelp av fleire ulike verktøy.

La elevane bli produsentar

Når undervisninga blir flytta ut av det fysiske klasserommet, gir vi slepp på noko av kontrollen vi tidlegare har hatt med t.d. lukka nett og at eleven har skrive og levert innanfor ein skuletime. Dette utfordrar måten vi tenkjer om både læring og vurdering på.

Nokon synest det er vanskeleg å vite om eleven har gjort arbeidet dei har gjort heime sjølv, om dei har fått hjelp eller kopiert noko dei har funne på nettet. Det vil alltid vere ei utfordring, og spesielt når oppgåvene er utforma slik at dei har ein fasit, eller at liknande oppgåver er gitt før.

Noko kan løysast ved at oppgåvene ikkje har svar som ligg ferdigtogne på nett. Be elevane ta utgangspunkt i dagsaktuelle saker for å forklare noko fagleg. Lag spørsmål der elevane må skrive ned eigne tankar og vurderingar. I tillegg kan ein be elevane om å levere inn ei lærings- og refleksjonslogg der dei skriv om korleis dei har arbeidd. Denne kan gjerne ligge i eit samskrivingsdokument som eleven har delt med deg. På denne måten vil du òg kunne følgje progresjonen i arbeidet.

Det beste rådde for å halde «kontroll» på kva elevane faktisk har lært, er å vere tett på. La elevane bli produsentar av meir enn skriftlege innleveringar.

La elevane vurderer kvarandre

Kan elevane vurdere kvarandre? Ved å ta i bruk samskrivingsverkøy kan elevane enkelt gå inn og kommentere tekstane til kvarandre. Viss de ikkje har jobba med kvarandrevurdering tidlegare, er det lurt å snakke om kva som er gode tilbakemeldingar. Lag gjerne eit vurderingsskjema som viser elevane kva dei skal sjå etter, med forslag til gode formuleringar dei kan bruke når dei skal vurdere andre sitt arbeid. Gjennom å vurdere medelevar vil elevane øve seg på å vurdere andre sitt arbeid og samtidig reflektere over eige arbeid.

Oppsummering

  • Lag tverrfaglege oppgåver saman med kollegaer.
  • La elevane vurdere kvarandre.
  • Bruk ulike uttrykk og verktøy til både innleveringar og tilbakemeldingar.
  • Og heilt til slutt: Alt må ikkje dokumenterast og bli vurdert. Vi får ikkje til alt perfekt.
CC BY-SASkrive av Marthe Moe og Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2020

Læringsressursar

Vurdering og eksamen