Hopp til innhald
Fagartikkel

Planlegg vurdering for å fremje læring

Vurdering speler ei sentral rolle i lærargjerninga vår. Kvar dag samlar du som lærar inn og fortolkar informasjon for å støtte eller forsterke læringsprosessane medan dei finn stad, og det skjer på alle stadium i læringsprosessen.

Korleis planleggje vurdering for å fremje læring – òg kjent som “formativ vurdering”, “undervegsvurdering” og “vurdering for læring”?

Refleksjon

Kva erfaringar har du med bruk av vurdering for å fremje læring?

Tre fasar, tre rollar og fem nøkkelstrategiar

Å bruke vurdering aktivt for å fremje læring er ein sentral del av Fagfornyinga (LK20).

Forsking på Vurdering for Læring (VfL) trekker fram tre nøkkelfasar i læring og undervisning. Dei tre fasane er der eleven skal i læringa (feed up), der eleven er i læringsprosessen (feed back) og korleis komme vidare i læringsprosessen (feed forward).

Black og Wiliam (2009) har kopla dei tre fasane saman med dei ulike rollene i klasserommet (lærar, elev og medelev) og komme fram til eit rammeverk med fem nøkkelstrategiar for bruk av vurdering for læring i klasserommet. Dette rammeverket kan vere nyttig for deg når du skal planleggje og designe vurdering.

Kvar eleven skal
(måla for læringa)

Kvar eleven er
(i læringsprosessen)

Korleis komme vidare
(i læringsprosessen

Lærar

1. Målorientert undervisning

Utarbeide tydelege læringsmål og kriterium.

Forstå og dele læringsmål og kriterium (tolkingsfellesskap)

Forstå læringsmål og kriterium

2. Tilrettelegging for læring

Leggje til rette for gode diskusjonar og læringsaktivitetar som viser forståinga til elevane (synleggjere læringa)

3. Tilbakemelding

Gi tilbakemeldingar (framovermeldingar) som rører elevane vidare i læringsprosessen

Medelevar

4. Medelevvurdering

Aktivisere elevane som ressursar for kvarandres læring

Elev

5. Egenvurdering

Aktivisere eleven som "eigar" av si eiga læring (Aktivisere evna eleven har til å lære å lære)


Figur 1: Rammeverk for bruk av fem strategiar i vurdering for læring.

Desse fem strategiane hjelper deg til både å vere meir klar over det du gjer og til å systematisere innsamlinga av informasjonen. Det som er viktig, er at du bruker informasjonen som kjem fram om læringsprosessen til elevane til å justere kursen for læringa undervegs.

Hjelpespørsmål

Wiggins og McTighe (2005) påpeikar at du må vite korleis elevane skal vise læring før læringsaktivitetane blir planlagde.

Hjelpespørsmål

  • Korleis ser det ut når elevane har nådd måla?
  • Korleis kan du vite om elevane når læringsmåla?
  • Kva tel som bevis for læring?
  • Kva vil vere tilstrekkeleg bevis for forståing etter at læringa har funne stad?
  • Kva for nokre autentiske framføringsoppgåver skal elevane gjere for å vise den ønskte kunnskapen, evner og forståing?
  • Kva vurderingskriterium vil framføringa bli vurdert ut frå?
  • Kva andre bevis for læring vil elevane bruke for å vise at dei har nådd måla? (kviss, testar, fagskriving, observasjonar, heimearbeid, journalar)
  • Korleis vil elevane reflektere over eiga læring (metakognisjon) og vurdere seg sjølve (eigenvurdering)?

Refleksjon

Kva kan vere fordelane med å planleggje vurdering for å fremje læring (formativ) før du planlegg læringsaktivitetane, slik Wiggins og McTighe (2005) foreslår?

Oppgåve

Her er ei oppgåve du kan gjere sjølv eller saman med kollegaer:
Utform eit sett med mindre formative oppgåver som lèt elevane utvikle og vise kompetansen sin (kunnskapar, evner og forståing).

Kjelder

Black, P. og Wiliam, D. (2009): Developing the theory of formative assessment. Educational Assessment, Evaluation and Accountability, 1(21), 5-31.

Fjørtoft, H. (2015). Effektiv planlegging og vurdering. Læring med mål og kriterium i skolen. 2. utgåve. Bergen: Fagbokforlaget. Landslaget for norskundervisning.

Wiggins, G. og McTighe, J. (2005). Understanding by Design (expanded 2nd eid). New Jersey: Pearson Merril Prentice Hall.