Hopp til innhald
Fagartikkel

Formativ og summativ vurdering

Det er fort gjort å gå seg vill i alle omgrepa som blir brukte når det gjeld vurdering. Her får du ei oversikt over dei viktigaste.

I hovudsak har vurdering i skulen tre hovudmål. Ho skal framme læringa til elevane, dokumentere utdanninga til kvar elev og ho skal halde utdanningssystemet og skulen ansvarleg for verksemda si. Dei to viktigaste overordna omgrepa i nasjonale skriv er formativ og summativ vurdering.

Refleksjon

Kva legg du/de i omgrepa formativ og summativ vurdering?

Formativ vurdering

Den formative vurderinga har som mål å fremje læringa til elevane dine. Vurderingssituasjonar du og elevane dine har undervegs i læringsprosessen, er formative. Her ligg ansvaret for vurderinga både hos deg som lærar, elevane dine og medelevane. Samhandlinga mellom alle som deltek i læringssituasjonen bringar fram informasjon som kan brukast formativt.

Det er ikkje nok å ha som intensjon å fremje læringa til elevane. Du må òg bruke informasjonen eller bevisa på læring for å tilpasse læringsprosessane undervegs.

Summativ vurdering

Summativ vurdering skjer etter ein avslutta læringsprosess – han har som hovudmål å dokumentere læringsutbyttet til elevane. Talkarakterar, til dømes, summerer status på eit gitt tidspunkt. Summativ vurdering blir brukt for å stadfeste kva elevane kan og veit sett i samanheng med definerte læringsmål.

Undervegsvurdering og sluttvurdering

I norske styringsdokument blir omgrepa brukte undervegsvurdering og sluttvurdering. Dei fortel ikkje noko om verknaden eller intensjonen med vurderinga, men om tidspunktet for vurderinga. Det vil seie at all vurdering som du gjer deg som lærar i løpet av skuleåret, er undervegsvurdering.

I praksis vil det bety at undervegsvurderinga kan brukast for å fremje læringa til elevane dine, eller ho kan brukast for å dokumentere læringsutbyttet til elevane. Ho kan med andre ord vere både formativ og summativ.

Sluttvurdering finn stad ved avslutninga av opplæringa i faget og er summativ.

Refleksjon

Korleis praktiserer du undervegsvurdering?
I kva grad bruker du undervegsvurdering for å fremje læringa til elevane?

Vurdering FOR læring

Vurdering FOR læring som omgrep blei kjent då Assessment Reform Group (ARG) hadde behov for å erstatte omgrepet formativ vurdering. Mykje av vurderinga under nemninga formativ vurdering var eigentleg “mini-summativ”, ved ein samla dokumentasjon for karaktersetjing ved terminslutt. Omgrepet formativ vurdering opna for mange ulike tolkingar og skapte forvirring blant lærarane.

Forsking og litteratur om vurdering FOR læring dei siste 20–25 åra viser til meir elevmedverknad, betre læringsutbytte og auka motivasjon for læring. Hovudkonklusjonen er at vurdering FOR læring har ein positiv effekt på læringa til elevane dine og som støtte for utviklinga av å lære å lære. Bruk av vurdering for læring blir rekna som god undervisningspraksis.

Vurdering FOR læring går føre seg i løpet av læringsprosessen til elevane. Hovudfokuset ligg på prosessane i klasserommet. Samhandlinga mellom deg som lærar og elevane dine og elevane seg i mellom er sentral i vurdering FOR læring. Når elevane dine kommuniserer med deg som lærar eller med medelevane og kjem med eigne tankar og spørsmål, “avslører” dei seg sjølve. Læringa blir synleg både for deg som lærar og elevane, og kursen vidare i læringsprosessen kan justerast.

Kjelder

Black,P. og Wiliam, D. (1998). Inside the Black Box: Raising Standards Through Classroom Assessment. Phi Delta Kappan, 80 (2), 139-44.

Black, P. og Wiliam, D. (2009): Developing the theory of formative assessment. Educational Assessment, Evaluation and Accountability, 1(21), 5-31.

Dysthe, O. (2008). Klasseromsvurdering og læring. Betre skule nr. 4 s. 16 - 23.

Fjørtoft, H. (2015). Effektiv planlegging og vurdering. Læring med mål og kriterium i skulen. 2. utgåve. Bergen: Fagbokforlaget. Landslaget for norskundervisning.

Hattie, J.A. og Timperley, H. (2007). The power of feedback. Review of Educational Research. 77(1), 81-112.

Hopfenbeck, T.N. (2014). Strategiar for læring. Om sjølvregulering, vurdering og god undervisning. Oslo: Universitetsforlaget

Stobart, G. (2008). Testing timest: The uses and abuses of assessment. London: Routledge.