Hopp til innhald

Fagstoff

Digital straummålar (AMS)

I 2019 blei det installert smarte, digitale straummålarar hos alle norske straumkundar.


Desse gjer det mogleg å registrere forbruket automatisk og gi rapportar til kunde og leverandør om totalt energiforbruk og forbruksmønster.

Straummålar i sikringsskåp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smarte straummålarar eller AMS (avansert måle- og styringssystem) har to hovudfordelar samanlikna med dei eldre, analoge straummålarane som var vanlege før.

  1. Straummålaren rapporterer forbruket ditt automatisk til straumleverandøren. Du slepp altså å lese av målaren og rapportere inn manuelt, slik som før 2019.
  2. Du kan få rapport om straumforbruket ditt med spesifisert tid. Du får med andre ord vite til kva tider av døgnet du bruker mykje og lite straum. Dette kan vere nyttig ved planlegging og automatisering av energitunge operasjonar, til dømes lading av elbilar.

Med ein smarte straummålar kan du òg setje automatiske avgrensingar på enkeltkursar basert på det totale straumforbruket ditt. Til dømes kan målaren automatisk avgrense ein ladekurs for elbil dersom forbruket elles i hushaldet er høgt på tidspunktet. Så kan han heller justere effekten opp igjen om forbruket i resten av hushaldet søkk att.

For å leggje til rette for oppkopling av digital straummålar i fordelingsskåp lagar elektrikaren til ei målarsløyfe. Det er berre montørar på oppdrag frå netteigaren som kan installere eller utføre service på sjølve straummålaren.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2020

Læringsressursar

Fordelingsskap