Fagartikkel
Jording
Vi bruker jording i elektriske installasjonar for å verne menneske, dyr og bygningar mot farlege berøringsspenningar.
Vi jordar ein bustad for å føre jordfeil direkte ned i «sann jord». Ein jordfeil oppstår dersom vi får samband mellom jord og ein elektrisk leiar. Dette kan kome av vassinntrenging eller at isolasjonen på nokon annan måte blir redusert. For at vi skal vere sikra mot jordfeil, er det viktig at jordingsanlegget i ein bustad er riktig dimensjonert og rett utført.
For å få til dette må vi ha jordelektrode, vernejordleiar og utjamningssamband.