Fagartikkel
Kursoversyn
Kursoversynet informerer brukar, eigar og elektrikar om oppbygginga av det elektriske anlegget.
Kursoversynet skal innehalde informasjon om dei ulike verna som er monterte i fordelinga. Det skal også fortelje oss noko om lengd og tverrsnitt av kablane i anlegget. Det skal seie noko om kva fordelingssystem det er tilkopla, og kor store kortslutningsstraumar vi har i tilkoplingspunktet.
Det skal i tillegg informere oss om kven som er eigar og brukar av anlegget, og kven som har bygd det elektriske anlegget. I tillegg til å vere med i sluttdokumentasjonen skal kursoversynet hengjast i sikringsskapet. Det vedlagde kursoversynet er ei forenkla utgåve av det som er kravd i nye bustader i dag.
Eksempel på forenkla kursoversyn til nye bustader:
Filer
- Skjemaer elektro(XLSX)