Hopp til innhald
Fagartikkel

Overspenningsvern

Overspenningsvernet vernar det elektriske anlegget mot forbigåande impulsar og overspenningar i nettet. Desse overspenningane kan oppstå ved lynnedslag og ved arbeid på straumnettet.

Verkemåte

Overspenningsvernet skal vere plassert så nær hovudsikringa i fordelingsskåpet som mogleg. Det vernar anlegget mot eventuelle overspenningar ved at det kanaliserer overspenning som oppstår, inn på jordleiaren slik at overspenninga ikkje blir spreidd ut i den elektriske installasjonen.

Det er påkravd å montere overspenningsvern i alle nye installasjonar, og det er sterkt tilrådd å òg få det montert i eldre installasjonar. Gjer ein det, gir dessutan forsikringsselskapa rabatt på bustadforsikringa.