Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er vasskraft?

Energibehovet vårt aukar stadig. Det er svært viktig at utviklinga av samfunnet går føre seg på ein berekraftig måte. Vasskraft er ein fornybar, rein, påliteleg og fleksibel måte å produsere billeg energi på, i generasjon etter generasjon.

Vasskraft stod i 2019 for 15,9 prosent av den globale kraftproduksjonen, ifølgje ein rapport frå REN21. I Noreg kjem no omtrent 95 prosent av all kraftproduksjon frå vasskraft.

Vasskraft er blant dei fornybare kraftkjeldene som har lågast klimagassutslepp, og det har høgast verknadsgrad og lengst levetid av alle teknikkar for kraftproduksjon. Dette er noko som kjem godt med, då stabilisering av klimagassar er ei av dei største klimautfordringane våre. Vasskraft har likevel – som alle energikjelder – både fordelar og ulemper.

Korleis verkar vasskraft?

Kort fortalt inneber vasskraft å utnytte den potensielle og kinetiske energien i vatnet til å drive elektrisitetsproduksjon. Føremålet er å bruke tyngdekrafta, trykket og rørsla til vatnet på ein turbin, slik at ein generator kan generere elektrisk energi.

Vatnet blir regulert i damanlegg

Ved kvar kraftstasjon blir det vanlegvis bygd eit damanlegg som samlar opp vatn frå ei vasskjelde. Vatnet har høg potensiell energi og kan lagrast når det finst eit magasin eller reservoar. Luker i demninga blir brukte for å regulere tapping av vatn frå magasinet. Når krafta frå vatnet skal hentast ut, blir noko av vatnet sleppt ut gjennom eit røyr i botnen av dammen og ført gjennom ein tunnel, ein kanal eller eit røyr fram til kraftstasjonen.

Kraftstasjonen produserer elektrisk energi

I kraftstasjonen blir det rennande vatnet nytta til å drive ein turbin. Skovlene på turbinen gjer trykk og rørsleenergi frå vatnet om til mekanisk energi. Mekanisk energi er her summen av den kinetiske energien til vatnet (rørsleenergi) og den potensielle energien (stillingsenergi). Deretter blir den mekaniske energien gjord om til elektrisk energi ved hjelp av ein generator. Energien som kan produserast, er eit produkt av vassmengd og høgdeforskjell mellom inntaksnivå og avløpsnivå (fallhøgd).

Relatert innhald

Generatoren dannar mekanisk energi om til elektrisk energi.

Elektrisiteten blir transportert til forbrukarane

Ein transformator blir brukt til å auke spenninga før elektrisiteten blir transportert vidare over eit høgspent leidningsnett til transformatorstasjonar i område der energien skal brukast. Deretter blir elektrisiteten fordelt på leidningar eller kablar med lågare spenning og går til ulike forbrukargrupper.

Krinsløpet til vatnet

Vatnet held fram ut av turbinen gjennom ein avløpstunnel eller -kanal. Det blir ført ut i vassdraget nedanfor kraftverket og vidare ut mot havet, der det fordampar, stig, kondenserer og til slutt fell ned som regn eller snø. Slik held krinsløpet til vatnet fram, og vi får ein "evigvarande" syklus. Vasskraft er eigentleg solenergi, fordi det er sola som gir energi til krinsløpet, og driv det. Derfor er vasskrafta òg fornybar, på same måte som vind- og solkraft.

Relatert innhald

Transformatoren blir brukt til å transformere opp spenninga frå kraftverk og ned spenninga til forbrukar.

Kjelde

UngEnergi. (2022, 24. februar). Hva er vannkraft. https://ungenergi.no/energikilder/hav-og-vannkraft/hva-er-vannkraft/

CC BY-NC-SARettshavar: UngEnergi
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022

Læringsressursar

Vasskraft