Hopp til innhald

Fagstoff

Generatoren

Generatoren dannar mekanisk energi om til elektrisk energi.
Generator. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå mekanisk til elektrisk energi

Generatoren er den maskinen i eit vasskraftverk som dannar den mekaniske energien frå turbinen om til elektrisk energi.

På akslingen til turbinen ligg det ein magnet. Denne magneten roterer mellom to eller fleire elektriske leiarar. I dette tilfellet kallar vi magneten rotor og dei elektriske leiarane stator. Dei elektriske leiarane er utforma som spolar for å kunne generere høgare spenning ut til transformatoren.

Når ein leiar beveger seg i eit magnetfelt (eller omvendt), vil det bli indusert ei spenning som ei følgje av at magnetfeltet endrar seg. Dette blir kalla elektromagnetisk induksjon.

Generatoren byggjer på dette prinsippet. Det var Michael Faraday som oppdaga dette prinsippet i 1831. Under ser de ei forenkla framstilling av generatoren.

Meir om elektromagnetisk induksjon frå Wikipedia.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2018

Læringsressursar

Produksjon, lagring og overføring av energi