Hopp til innhald

Fagstoff

Vassmagasin

Ein dam eller eit magasin er lagringsplass for vatn som blir brukt i vasskraftverk for å produsere elektrisk energi. Vi skal her sjå litt nærmare på dette.
Overløp på Storglomvatnet vassmagasin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energilagring

Vatnet eit vasskraftverk er avhengig av for å produsere elektrisk energi, blir samla i eit vassmagasin (òg kalla dam eller reguleringsmagasin).

Vassmagasina kan vere naturlege innsjøar i fjella eller kunstige basseng. Kunstige magasin (basseng) lages ved å demme opp deler av et vassdrag. Hensikten med et slikt magasin er at vi då kan samle opp vatnet i periodar med mykje nedbør, slik at vi har reservar i periodar når forbruket er høgt og/eller det er lite tilsig av vatn (i form av nedbør/snøsmelting).

I Noreg er 13 av dei 18 største innsjøane brukte som reguleringsmagasin. Eit av Noregs største magasin er Blåsjø. Dette anlegget består av fleire magasin eller dammar og forsyner fleire vasskraftverk i Rogaland og Aust-Agder. Dette er enorme konstruksjonar.

  • Oddatjørndammen er Noregs høgaste steinfyllingsdam på 142 m.
  • Storvassdam er Noregs største steinfyllingsdam med 9,7 millionar m3 stein.
  • Førresvassdam er Noregs største betongdam og Noregs største betongkonstruksjon totalt sett. Han er 1300 m lang og nesten. Det gjekk med 255 000 m3 betong til denne konstruksjonen.

Frå botnen av eit slikt magasin ligg inntaket til tunnelen. Denne tunnelen fører vatnet frå magasinet og ned i sjølve vasskraftverket.

Sjølv om vasskraftverk er eit miljøvennleg kraftverk, vil utbygging av slike vasskraftverk gjere skade i naturen. Utbyggjar må her ha konsesjon. I og med at vassføringa no blir lagd i ein tunnel, vil naturlege fossefall forsvinne. Dette inngrepet i naturen får konsekvensar for dyre- og planteliv. Når utbyggjarane gjer desse endringane, blir dei pålagde for eksempel å setje i verk tiltak for dyre- og plantelivet, eller det er andre konsesjonsvilkår dei må oppfylle.

Les meir om konsesjon på Wikipedia.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2018

Læringsressursar

Vasskraft