Hopp til innhald

Fagstoff

Turbin

Turbinen er den innretninga som mekanisk overfører rørsleenergi frå vatnet til elektrisk energi i generatoren. Det finst mange typar turbinar. Vi skal her ta for oss dei to typane vi har av vassturbinar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fristråleturbin

Vatnet blir ført gjennom ei dyse og ut i friluft før det treffer sjølve turbinen (skålene). Slike turbinar blir vanlegvis brukte ved store fallhøgder og/eller ved små vassføringar. Verknadsgraden på slike turbinar ligg i dag på omtrent 90–93 prosent.

Peltonturbinen

 Peltonhjul. Foto

Peltonturbinen er den mest brukte fristråleturbinen i dag. Vasstrålen treffer skålene som sit ytst på hjulet. Her blir strålen vridd heilt rundt, og energien blir overført til turbinhjulet. Peltonturbinen er ein type turbin som er mest effektiv ved store fallhøgder (600 m+) og ved relativt små vassmengder. Turbinen er såleis brukt i mange norske vasskraftverk som er kjenneteikna av store fallhøgder og små vassmengder. Grunnen til at peltonturbinen er mykje brukt, er at han:

  • er lett å regulere
  • tek liten plass (mindre enn tilsvarande turbinar)
  • gir små problem ved overføring av vatn

Turbintypen blei funnen opp av Lester Allan Pelton i 1879.

Fullturbin

 Fullturbin. Foto

Fullturbinar er turbinar som er heilt fylte med vatn. Dette fører til at turbinane klarer å utnytte heile fallhøgda frå det høgaste til det lågaste reservoaret. Desse turbinane blir brukte ved mindre fallhøgder og forholdsvis store vassmengder. Fullturbinar har òg ein høgare verknadsgrad enn fristråleturbinar. Dei beste kan ha ein verknadsgrad på over 95 prosent.

Dei to mest brukte fullturbinane er francisturbinen og kaplanturbinen.

Francisturbinen

 Francisturbin. Illustrasjon

Francisturbinen blir brukt ved fallhøgder på mellom 30 og 600 meter. Dette er den mest brukte turbintypen i norske vasskraftverk. Turbinen blei utvikla av den engelske ingeniøren James B. Francis i 1849. Turbinen minner om eit skovlhjul som var vanleg i gamle møller og på hjuldamparar.

I ein francisturbin blir vatnet leidd inn på turbinhjulet gjennom eit spiralforma røyr. Dette fordeler vatnet jamt inn til stag og leieskovler. Leieskovlene sit rett før turbinhjulet og blir brukte både til å regulere vassmengda og til å auke hastigheita på vatnet.

Kaplanturbinen

 Kaplanturbin. Illustrasjon

Kaplanturbinen blir ofte brukt i elvekraftverk med låge fallhøgder på cirka 10 til 60 meter, men krev då store vassmengder. Derfor blir denne turbinen brukt mykje i elvekraftverk. Turbinen blei utvikla av Viktor Kaplan i 1912. Utforminga av turbinen kan minne om propellen til eit skip.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2018

Læringsressursar

Vasskraft