Hopp til innhald

Fagstoff

Vasskraftverk - oppbygging og funksjon

Lêr korleis eit vasskraftverk er bygd opp og korleis det fungerer.
Skisse av vasskraftverk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Delar i eit vasskraftverk

Eit vasskraftverk består av mange delar. Bildet illustrerer kva installasjonar og momeneter som inngår i eit vasskraftverk.

  1. Dam (reservoar), der vatnet blir samla
  2. Kraftverk
  3. Turbin
  4. Generator
  5. Inntak frå dam
  6. Vassveg -fører vatn i røyr fram til kraftverk
  7. Transformator/overføringsnett
  8. Elv -vatnet renn vidare i elva

Slik fungerer eit vasskraftverk

  • Det heile byrjar med ein dam.
  • Det første vatnet treffer etter å ha gått gjennom vasstunnelen, er turbinen. Turbinen er den innretninga som omdanner bevegelsesenergien i vatnet til rotasjonsenergi.
  • Akslingen på turbinen går til generatoren som då omdanner rotasjonsenergien til elektrisk energi.
  • Spenninga frå generatoren går såg til transformatoren.

Lenkjer

Video frå Kunnskapsfilm om vasskraft.

Vasskraftverk kort forklart hos Statkraft.

Vasskraftverk (Store norske leksikon)

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2020

Læringsressursar

Vasskraft