Hopp til innhald

Fagstoff

IP-grad

Kapslingsgraden fortel kor godt elektrisk utstyr er verna mot ytre tilhøve som støv, vatn og liknande. Vi bruker IP-systemet (International Protection). Alle elektriske produkt skal vere merkte. Av IP-merkinga kan ein sjå om produktet er eigna til plassering til dømes på bad eller utandørs.
Nærbilete av eit hjørne i eit rom, der ein leidningsskøyt er heilt i det fri utan beskyttelse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi skal prosjektere ein bustadinstallasjon, eller ved eit serviceoppdrag er det viktig å ta utgangspunkt i forskrift om elektriske lavspenningsanlegg, (FEL), § 16. Planlegging og vurdering av risiko:

Elektriske anlegg skal planlegges og utføres slik at mennesker, husdyr og eiendom er beskyttet mot fare og skade ved normal bruk, og slik at anlegget er egnet til den forutsatte bruk.

  • Alle elektriske komponentar har ein såkalla IP-grad (International Protection). IP-graden fortel i kva grad elektrisk utstyr er verna mot berøring og ytre påverknader, som støv, fukt og liknande.
Alle elektriske komponentar, til dømes stikkontaktar og brytarar, skal vere merkte med IP-grad på denne måten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Når «sifferet» er oppgitt med X, er det ikkje teke stilling til vernet (i dette tilfellet mot vatn).
  • Vanlegvis heng det saman om utstyret er verna mot inntrenging av faste lekamar, og om utstyret er verna mot skadeleg inntrenging av vatn. I praksis er det derfor ingen stor forskjell mellom dei to siffera. Hovudregelen er at dess høgare siffer, dess betre vern.
  • På spesielle område er det krav til kapsling av det elektriske utstyret. Her på vg1 skal vi konsentrere oss om husinstallasjon.
  • På baderom er risikoen for elektrisk sjokk større fordi ein har redusert motstand i kroppen og nærmare kontakt med jordpotensialet. Baderom og liknande er derfor delte inn i soner med reglar for kor og korleis vi kan installere elektrisk materiell, avhengig av avstanden til vasskjelda.
  • I visse område i baderom er kravet til kapsling IPX4. Då er det vanleg å bruke utstyr med IP44. Dette gir vern mot inntrengning av både faste gjenstandar og fukt.
IP-grad på eit baderom, tala viser romnummer og dimensjonar. Dei skraverte felta viser område som er spesielt utsette for sprut. Skjemateikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NEK 400 punkt 701 deler baderom inn i tre soner (0, 1 og 2) og set krav til kapslingsgrad.

  • Sone 0: Inne i badekar/dusjkabinett. IPX7.
  • Sone 1: Over og under badekar, opp til 2,25 m over golvet. Sone 1 sluttar ved dusjkabinett/badekar. Dersom det berre er forheng, gjeld sone 1 1,2 m ut frå dusjhovudet. IPX4.
  • Sone 2: Sone 2 er då utanfor sone 1 som oppgitt ovanfor. IPX4.
  • Utanfor sone 2 gjeld vanleg installasjon.
  • Utandørs er tommelfingerregelen at utstyr som står utan overdekking, minst skal ha IP-grad IPX4 (vanlegvis IP34 og IP44), og utstyr som står delvis under tak, skal ha IPX3 (vanlegvis IP23).
  • IP 20 er det vernet «vanleg» utstyr har. Dette er då det utstyret du kan nytte i husinstallasjon, med unntak av på dei områda som er nemnde ovanfor.

Første
siffer

Vern mot framandlekamar

Andre
siffer

Vern mot inntrenging av vatn

0

ikkje verna

0

ikkje verna

1

partiklar  50 mm i diameter

1

vertikale drypp

2

partiklar  12,5 mm i diameter

2

vertikale drypp når kapslinga har ein hallingsvinkel på inntil 15º i forhold til vertikallinja

3

partiklar  2,5 mm i diameter

3

dusj-/regnvern i ein vinkel på inntil 60º i forhold til vertikallinja

4

partiklar  1 mm i diameter

4

sprutsikker frå alle kantar

5

støvbeskytta

5

sikker mot spyling frå alle kantar

6

støvbeskytta

6

sikker mot kraftig spyling frå alle kantar

7

kortvarig nedsenking i maks 30 minutt, frå 0,5 til 1 meter djupn

8

varig neddykking

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter