Hopp til innhald
Fagartikkel

Koplingsskjema for 1-pola brytar

Her viser vi installasjonsteikningar og koplingsskjema for 1-pola brytar. For at vi skal kunne gjere elektriske installasjonar, er vi avhengige av ulike skjema.

Skjult installasjon

Dette skjemaet viser plasseringa av effektuttak/stikkontakt og korleis røyrføringa er teikna i ein skjult installasjon. Hugs òg at når eit takpunkt blir brukt som lampepunkt, vil varmeavgivinga frå lampa gi høgare omgivnadstemperaturar enn ein har rekna med. Temperaturen kan bli mellom 40 °C og 50 °C, og då må vi bruke reduksjonsfaktorar for straumføringsevna for kabelen.

Open installasjon

Dette skjemaet viser plassering av effektuttak og korleis kabelføringa er i ein open installasjon.

Skjema i dokumentasjon

Skjemaet for det elektriske anlegget blir lagt ved i dokumentasjonen for bustaden. Dette er praktisk for bustadeigarar, handverkarar og elektrikarar ved endringar i bustaden sin konstruksjon og elektriske anlegg. Det er viktig at ein oppdaterer skjemaet når det blir gjort endringar.

Koplingsskjema

Dette koplingsskjemaet viser korleis vi skal kople dei ulike komponentane saman. Legg merke til at det berre er L-greina som blir broten i 1-pola brytarar.

Relatert innhald

Fagstoff
Planlegging

Her skal du installere og lære om forskjellige lyskjelder som er styrte av dei vanlegaste lysbrytarane som blir nytta i bustader.