Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Praktisk oppgåve – skjult installasjon

I dette læringsoppdraget skal du planleggje, utføre og gjennomføre sluttkontroll av ein skjult elektrisk installasjon. Du skal òg utarbeide aktuell anleggsdokumentasjon.

Planlegging

Kunden skal totalrenovere stova og ønskjer ny lyssetjing og nye stikkontaktar. Dette ønskjer han utført som ein skjult installasjon. Du kan sjølv vurdere ulike løysingar, alt etter kva du tenkjer blir best for kunden. Ønskjer du å gå for spot-lys eller vanlege taklamper? Det er opp til deg.

Kunden har ein forbrukskurs lagd fram til stova, han er kopla til ein eigen kurs i sikringsskåpet. Kabelen er PN 1,5 mm², installert med forlegningmåte A1. Kursen er sikra med ein jordfeilautomat type B10A. Lengda på kursen frå koplingspunktet i stova til sikringsskåpet er 13 meter.

  1. Foreslå ei løysing for kunden, og planlegg kva du treng av materiell, utstyr og verktøy.
  2. Lag installasjonsteikning og koplingsskjema.
  3. Gjer ei risikovurdering for arbeidet.

Relatert innhald

Fagstoff
Oversyn over skjemasymbol

Oversyn over dei mest vanlege skjemasymbola som blir brukte i installasjonsteikning i ein bustad i dag.

Praktisk utføring

  1. Kople opp installasjonen din slik du har planlagt han.

Det er viktig å montere installasjonen fagmessig. Her er det viktig å følgje normer og forskrifter. Dei viktigaste momenta her er å feste k-røyr, veggboksar og takboksar forskriftsmessig, å skru godt til i alle koplingar og å sjekke at koplingane er varige og solide. Sjå eigne instruksjonsvideoar om dette.

Relatert innhald

Test og sluttkontroll

Installasjonen skal vere sikker både for brukaren og for den som arbeider med han. Gjennomfør sluttkontroll og funksjonstest av anlegget ditt.

Relatert innhald

Fagstoff
Sluttkontroll

Her er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.

Dokumentasjon

Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon der du får med følgjande:

  1. kursoversikt
  2. installasjonsteikning
  3. koplingsskjema
  4. dokumentasjon av kabel og vern
  5. materialliste
  6. samsvarserklæring