Fagartikkel
Dokumentasjon – ei orientering
Dokumentasjonen i eit læringsoppdrag omfattar følgjande:
- gjere om på installasjonsteikning og koplingsskjema slik at dei stemmer med det som er installert
- risikovurdering
- sluttkontroll
- oppdatere materiallista slik at du får med deg alt materiellet og utstyret som er brukt
- kursoversikt
- dokumentasjon på eventuelt skjult varme
- dokumentasjon på lågvolts innfelt lys
- utstyrsdokumentasjon
Sluttkontrollen skal innehalde
- kontinuitet
- isolasjonsmåling
- visuell kontroll
- spenningstest
- funksjonstest av anlegget
- rydding
Samsvarserklæring
Sidan 1999 har det vore slik at den som har utført arbeid på eit elektrisk anlegg, skal gi ei samsvarserklæring til kunden, der den ansvarlege for jobben stadfestar kva som er gjort, og går god for at alt er utført i tråd med forskriftene:
- Ei samsvarserklæring er eit dokument som viser at eit elektrisk anlegg er utført i samsvar med krava i forskrifta.
Samsvarserklæringa skal innehalde
- anleggsadresse
- informasjon om installasjonsverksemd (firma) som har utført arbeidet
- informasjon om det er eit nytt anlegg, ei utviding eller ei endring av det elektriske anlegget
- ei skildring av kva som er gjort
- normer og spesifikasjonar som ligg til grunn for arbeidet
- Kravet om samsvarserklæring er hjemlet i forskrift om elektriske lavspenningsanlegg §§ 12 og 13.
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Kan du utarbeide anleggsdokumentasjon?I denne oppgåva skal du utarbeide anleggsdokumentasjon for ein elektrisk installasjon i ein bustad.
Fagstoff
SluttkontrollHer er nokre døme på elektriske målingar du skal gjere i samband med sluttkontrollen.