Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Reguleringsvendar lys

Sjølv om reguleringsvendaren ikkje er så mykje i bruk lenger, er det likevel lurt å vite korleis han fungerer i praksis. Her er to praktiske oppgåver.

Oppgåve 1

Reguleringsvendar nr. 9

Du skal installere to lampepunkt (like lyskjelder) som blir styrt av reguleringsvendar nr. 9. Installasjonen kan utførast anten som open eller skjult installasjon.

Lag installasjonsteikning, koplingsskjema og materialliste for installasjonen, og kople opp.

  1. Forklar med eigne ord korleis reguleringsvendar nr. 9 koplar lampane i dei ulike koplingane (0, 1, 2, 3).
  2. Kontroller korleis lysstyrken er i kvart trinn. Mål så spenning, straum og resistans i kvart trinn, og før så desse verdiane inn i skjemaet.
  3. Berekn effekten ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  4. Berekn resistansen ut frå måleverdiane for spenning og stram.
  5. Berekn straumen ut frå måleverdiane for spenning og resistans.

Alle berekningane skal visast, ta med naudsynte formlar. Før inn alle verdiane i tabellen for reguleringsvendar nr. 9. Lag ein kort konklusjon som forklarer verkemåten og bruksområdet for denne vendaren. Ta med avvik og kommentarar.

Filer

Oppgåve 2

Reguleringsvendar nr. 29

Du skal installere to lampepunkt (ulike lyskjelder) som skal styrast av reguleringsvendar nr. 29. Installasjonen kan utførast som open eller skjult installasjon.

Lag installasjonsteikning, koplingsskjema og materialliste for installasjonen, og kople opp.

  1. Forklar med eigne ord korleis reguleringsvendar nr. 29 koplar lampane i dei ulike koplingane (0, 1, 2, 3).
  2. Kontroller korleis lysstyrken er i kvart trinn. Mål så spenning, straum og resistans i kvart trinn, og før så verdiane inn i skjemaet.
  3. Berekn effekten ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  4. Berekn resistansen ut frå måleverdiane for spenning og straum.
  5. Berekn straumen ut frå måleverdiane for spenning og resistans.

Alle berekningar skal visast, ta med naudsynte formlar. Før inn alle verdiane i tabellen for reguleringsvendar nr. 29. Lag ein kort konklusjon som forklarer verkemåten og bruksområdet for denne vendaren. Ta med avvik og kommentarar.

Filer

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter