Hopp til innhald

Fagstoff

Oppsummering vinkelslipar

Her får du eit lite samandrag av den teoretiske opplæringa du har gjennomgått, og informasjon om kva du må gjere for å få godkjent sikkerheitsopplæringa.
Ein harddisk ligg opna så det er mogleg å sjå harddiskplatene. Ein vinkelslipar blir halden inntil og gneistane spruter der han kjem borti. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samandrag

Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ein vinkelslipar. Då står det att ein praktisk demonstrasjon på verkstaden før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Dette har du lært om

  • Du har sett ein introduksjonsfilm om sikker bruk av ein vinkelslipar.

  • Du har fått informasjon om kva risikomoment du kan bli utsett for, og kva verneutstyr du må nytte for å redusere risikoen for å bli skadd.

  • Du har fått informasjon om korleis vinkelsliparen er bygd opp, kva verneinnretningar som finst, og korleis du skal velje ut og montere skjereverktøyet på vinkelsliparen.

Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.

Praktisk gjennomgang på verkstaden

Gå på verkstaden og finn fram dei ulike vinkelsliparane de har. Det er viktig at du set deg inn i verneinnretningane for dei ulike vinkelsliparane, fordi dei kan vere ulikt utforma.

Når du sjølv meiner at du har god nok kunnskap om sikker bruk av vinkelsliparen, fyller du ut eigenerklæringa. Den tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.

Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene maskina.

Eigenerklæring

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for vinkelslipar