Hopp til innhald

Fagstoff

Skifte av kapp- og slipeskive

Vinkelsliparen kan nytte ulike skjereverktøy, og det er viktig at vi monterer desse riktig for å redusere risikoen for skade eller uhell.
To bilete av kappskive, der den eine sida inneheld informasjon og den andre er heilt svart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skifte av kapp- og slipeskive

Ved montering og demontering av kapp- og slipeskive er det viktig at du følger sikkerheitsreglane som gjeld for dette.

Demontering:

  • Alltid ta ut straumkontakten eller batteriet.

  • Lås spindelen med sperreknappen eller spesialverktøy.

  • Demonter låsemutteren med spesialverktøyet til vinkelsliparen.

  • Ta av kapp- eller slipeskiva.

  • Reingjer anleggsflata på vinkelsliparen.

Montering:

  • Alltid ta ut straumkontakten eller batteriet.

  • Reingjer anleggsflatene for kapp- og slipeskiva på spindelen.

  • Sjekk skiva for skadar.

  • Kontroller at diameteren på skiva ikkje er større enn det som er godkjent på merkeplata til vinkelsliparen.

  • Kontroller at det godkjende turtalet for skiva ikkje er mindre enn det som er godkjent på merkeplata til vinkelsliparen.

  • Monter skiva med teksten opp mot vinkelsliparen.

  • Monter låsemutteren med fingrane, sjekk at skiva er sentrert.

  • Lås spindelen med sperreknappen eller spesialverktøy.

  • Stram låsemutteren godt med spesialverktøyet til vinkelsliparen.

  • Sett i straumkontakt eller batteri.

  • Start vinkelsliparen og køyr han i friluft i 30 sekund for å sjekke at skiva ikkje har nokre skadar før du begynner å omarbeide arbeidsemnet.

Vel dei ulike komponentane på biletet for å få informasjon om kva dei er, og kva funksjon dei har.

Kapp- og slipeskivenes merking

Dei ulike skjereverktøya som kan monterast på vinkelsliparen, har standardisert merking.

På biletet kan du få ytterlegare informasjon om kva merkinga betyr.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for vinkelslipar