Hopp til innhald

Fagstoff

Risikomoment ved bruk av vinkelslipar

Vinkelsliparen er ei stor og kraftig maskin der sjølve slipeverktøyet roterer med særs høgt turtal, og når du bruker han, kan du bli utsett for fare. Her får du informasjon om dei ulike risikomomenta og korleis du reduserer risikoen for skadar.
Person som sliper metall med vinkelslipar. Foto.

Mekaniske risikomoment

Ved sliping i metall får du avsponing i form av små spon og støv. Spon kan både ha høg temperatur på grunn av friksjon og vere veldig skarpe.

Du jobbar òg med roterande maskindelar og arbeidsstykke, og det kan vere fare for at noko kan losne.

Fordi dette er ei handhalden maskin, kan du òg bli utsett for vibrasjonar, slag og støyt.

Termiske risikomoment

Ved sliping omarbeider du metall med eit skjereverktøy. Som nemnt oppstår det då friksjon, og ved friksjon blir det utvikla varme. Både arbeidsstykke, skjereverktøy og spon kan oppnå særs høge temperaturar, og det er viktig at du ikkje rører desse utan at du veit kor varme dei er.

Ved arbeid med ein vinkelslipar er hendene dine veldig nærme både arbeidsemne, verktøy og gneistesprut, så det er viktig at du nyttar hanskar for å verne deg mot høge temperaturar.

Støy

Ved sliping i metall oppstår det skadeleg støy. Støyen varierer ut frå kva materiale det er i arbeidsemnet, men du må alltid nytte høyrselsvern ved bruk av ein vinkelslipar.

Støv

Ved sliping i metall får du avsponing i form av små spon og støv. Støvet kan òg innehalde kjemikal og ureinskapar frå måling, lakk eller anna overflatebehandling.

Viss du skal slipe eller kutte på stader med dårleg avsug, er det krav om støv- eller vernemaske.

Andre risikomoment: golv og arbeidsområde

Det er veldig viktig at golvet og arbeidsområdet du jobbar i, er reint og ryddig, slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli. Det er òg viktig at det ikkje er noko brennbart materiale i området, som kan ta fyr viss det blir treft av varme spon og gneistesprut.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Det kan vere fleire riktige svar på kvart spørsmål.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for vinkelslipar