Hopp til innhald

Fagstoff

Introduksjon vinkelslipar

Før du har lov til å jobbe med ein vinkelslipar, må du gjennomføre ei dokumentert sikkerheitsopplæring. Opplæringa har ein teoretisk og ein praktisk del. Her kan du skaffe deg kunnskapane du treng for å bruke maskina på ein sikker måte.
Person med vernehanskar sliper metall med vinkelslipar. Det spruter gneistar. Foto.

Kvifor treng du sikkerheitsopplæring?

Skjereverktøyet på vinkelsliparen roterer med veldig stor fart, og under sliping spruter det gneistar frå slipeområdet. Bruk av vinkelslipar kan vere farleg viss du ikkje kjenner til dei ulike risikomomenta. Derfor må du følge HMS-krav og bruke verneinnretningane det er krav om. Det bidreg til at du kan betene maskina på ein trygg og sikker måte.

Gjennomføring

For å få sikkerheitsklarering må du gjennomføre både teoretisk og praktisk opplæring. Når har sett deg inn i den teoretiske delen av opplæringa, tek du kontakt med læraren din for å gjennomføre ein praktisk demonstrasjon. I denne demonstrasjonen skal du vise læraren at du har god nok kunnskap om risikomomenta til maskina, nødvendig verneutstyr og korleis sikkerheitsutstyret til maskina fungerer.

Hugs at det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å bruke maskina, uavhengig av om du har bestått kurset.

Framgangsmåte

  1. Gjennomfør den teoretiske opplæringa.

  2. Svar på kontrollspørsmåla til teoristoffet.

  3. Gjer deg kjend med vinkelsliparen de har på verkstaden.

  4. Skriv ut eigenerklæringa som ligg på denne sida, og signer ho.

  5. Ta kontakt med læraren og lever eigenerklæringa.

  6. Demonstrer for læraren at du òg i praksis har kunnskapen og evnene som trengst for å bestå den dokumenterte sikkerheitsopplæringa.

  7. Læraren vurderer deg og gir deg sikkerheitsklarering ved å signere på eigenerklæringsskjemaet ditt.

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for vinkelslipar