Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg verneutstyr ved bruk av vinkelslipar

For å kunne nytte vinkelsliparen må du bruke personleg verneutstyr for din eiga sikkerheit. Her får du oversikt over kva slags verneutstyr som er påkravd.
Tre bilete av ein person ved verneutstyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg verneutstyr

Dette personlege verneutstyret må du bruke når du skal bruke ein vinkelslipar:

  • heildekkande arbeidsklede

  • vernesko

  • arbeidshanskar

  • vernebriller

  • høyrselsvern

Person med kolfiltermaske føre munnen og vernebriller føre auga. Foto.

Viss du jobbar på eit område med dårleg lufting, eller viss du sliper på materiale som er overflatebehandla og eller gir frå seg gassar, er det viktig at du nyttar støv- eller kolfiltermaske.

Det finst eigne påbodsskilt som gir informasjon om påkravd verneutstyr.

Heildekkande arbeidsklede

Kvit kjeledress på blå bakgrunn. Illustrasjon.

Du må bruke heildekkande arbeidsklede med tettsitjande erme, eventuelt mansjettar. Fordi du jobbar med roterande maskiner, er det viktig at kleda er tettsitjande. Viss dei er for lause, er det fare for at lausthengande delar kan vikle seg inn i dei roterande delane.

Vernesko

To kvite vernesko på blå bakgrunn. Illustrasjon.

Når du jobbar i ein dreiebenk, nyttar du tunge verktøy og arbeidsstykke. Derfor er det viktig å verne føtene dine viss du er uheldig og mistar noko.

Arbeidshanskar

To kvite vernehanskar på blå bakgrunn. Illustrasjon.

Når du jobbar med sponfråskiljande arbeid, er det viktig å verne hendene mot spon og gneisteregn som kan ha høg temperatur. Du må derfor nytte hanskar som toler høg temperatur.

Du vernar òg hendene mot kutt, for slipte delar kan ha skarpe kantar og overflater. I tillegg bidreg hanskane til at du får eit godt grep rundt vinkelsliparen.

Vernebriller

Kvit silhuett med vernebriller på blå bakgrunn. Illustrasjon.

Ved sponfråskiljande arbeid er det eit risikomoment at bearbeidinga fjernar materiale frå eit arbeidsstykke, og dette materialet kan kastast ut i lufta og treffe auga. Slikt materiale er ofte varmt, og det kan brenne seg fast i auget.

Ved kraftig gneistesprut kan det vere formålstenleg å byte ut vernebriller med eit visir.

Høyrselsvern

Kvit silhuett med høyrselsvern. Illustrasjon.

Når du jobbar med ein vinkelslipar, vil det oppstå skadeleg støy, og du må nytte høyrselsvern for å verne høyrselen din.

Det er viktig at du bruker høyrselsvern som er godkjent for bruk på verkstad.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for vinkelslipar