Hopp til innhald

Fagstoff

1 – Å opne ei brusflaske

Vi byrjar med noko som er kjent – å opne ei brusflaske. Dette er første staden på vegen mot å forstå gjenge. Du veit sikkert kva veg du skrur korken. Då er vi allereie eitt skritt vidare.
Fem forskjellige brussortar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du byrjar i vidaregåande, er det noko du kan. Utan å tenkje nøyare på det skrur du korken den rette vegen og drikk brusen. Den teknologiske oppfinninga som gjer dette mogleg, blir kalla gjenge.

Å halde fast

Når flaskekorken blir opna, høyrest eit lite sus. Det er trykket frå kullsyra som blir sleppt ut. Trykket som må haldast inne, set krav til materialet korken og flaska er laga av. Materialet må vere sterkt nok. Det er sterkt nok når det har tilstrekkeleg strekkfastleik.

Korken frå den eine flaska på biletet passar også på den andre flaska. Korken passar også på dei fleste brusflasker frå andre fabrikkar. Det betyr at alle fabrikkane er einige om korleis ein bruskork skal vere. Det blir kalla ein standard.

Nærfoto av flasketut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 21.08.2019

Læringsressursar

Gjenge