Hopp til innhald

Fagstoff

8 – Moment og tiltrekkingskraft

Moment, dreiemoment og tiltrekkingskraft – her skal vi sjå på kva dette betyr for skruar og for montering av delar som skal haldast saman. Er det berre å skru fast?
Ein momentnøkkel med justerbar innstilling i newtonmeter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du hugsar bruskorken: Krafta som trengst for å opne ein bruskork, må vere større enn krafta som held igjen.

Moment

Bruskorken på flaska og andre skrueforbindelsar har ei kraft som dei sit fast med. Elles ville brusen mist kolsyra som gjer brusen til brus, og i verste fall ville innhaldet kanskje runne ut eller fordampa. Det same gjeld for ein og ein mutter. Om skruen ikkje sit fast, vil han bli meir og meir laus og til slutt kanskje falle av. Vi seier at slike forbindelsar sit fast med eit moment, eit tiltrekkingsmoment:

moment = kraft * arm

Kraft

Kva er så kraft? Kraft kan vere den eine handa di som vrir bruskorken rundt, mens den andre handa held igjen sjølve flaska. Kraft kan vere vrikrefter, som eit dreiemoment frå ein motor som går rundt og rundt. Det kan òg vere ei kraft vi løftar opp, eller som vi dreg mot eller skyv frå kroppen. Dette blir kalla for eit kraftmoment. Kraft er styrken vi har til dømes i handa, i kroppen eller i ein motor til å gjere eit arbeid.

Kraft blir oppgitt i newton (N), mens kraftmomentet blir oppgitt i newtonmeter (Nm). Meteren i newtonmeter får vi frå armen i momentdefinisjonen, som blir oppgitt i meter (m).

Viss styrken i handa di er svakare enn motkrafta som held bruskorken fast til flaska, kan du ikkje drikke brus då, eller ...?

Arm

Det er ikkje så lett å forstå omgrepet arm. Ei trillebår full av grus eller sand ville vore vanskeleg å løfte om handtaka sat heilt inne ved transportkassa. Jo lenger ute handtaka sit og jo lenger ute du held, jo lettare blir det, sjølv om lasset er like tungt, målt i kilo. Det same gjeld for ein , eller . Jo lenger ute på nøkkelen du held når du skal skru opp ein fast mutter eller bolt, jo meir kraft verkar på mutteren eller bolten, og jo lettare blir det for deg.

Tiltrekkingsmoment – ein kvalitet

Er det godt nok å berre skru til korken på brusen til han held litt, eller skal vi skru til så hardt som mogleg?

I dagens industriproduksjon av næringsmiddel som brus, saft og syltetøy blir det stilt svært strenge krav til nøyaktigheit på maskinar for å sikre mattryggleik, det vil seie at produkta er trygge.

Reinhald er ein ting, men næringsmidla skal òg ha ei trygg og sikker innpakking som gjer at innhaldet – brusen, i dette tilfellet – held rett kvalitet. Eit av målområda for kvalitet er eit heilt nøyaktig tiltrekkingsmoment på alle bruskorkar. Dette skal sikre at det er akkurat nok kraft til å halde emballasjen forsegla og heilt tett, og samtidig ikkje så mykje kraft at emballasjen blir øydelagd, eller at det blir umogleg for deg og meg å opne brusen vi har kjøpt med heim frå butikken.

Ein momentnøkkel som vist på biletet øvst, er med på å sikre same kvalitet og tiltrekkingsmoment i newtonmeter (Nm) gong etter gong på til dømes hjulboltane på bilen eller motorsykkelen din. Ein oversikt over riktige tiltrekkingsmoment finn du i verkstadhandboka.

Kva kan du om moment?


Kjelde

Hartvigsen, H., Lorentsen, R., Michelsen, K. & Seljevoll, S. (1998). Verkstedhåndboka: Mekaniske fag. (4. utg.). Yrkesopplæring i samarbeid med Norges Standardiseringsforbund. https://www.nb.no/items/urn:NBN:no-nb_digibok_2010041305027

CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Gjenge