Hopp til innhald

Fagstoff

9 – Flytegrenser og fastleiksklassar

Når du dreg ein skrue for hardt, då blir han øydelagd. Materialet held ikkje lenger. Då har flytegrensa blitt overgått.

Fastleiksklasse på skruen kan lesast på skruehovudet. På biletet er fastleiksklassen 8.8. Desse tala kan setjast i formlar som bereknar verdiar. Det første talet fortel kor stor belastning (moment) skruen klarer å halde igjen. Det blir kalla strekkfastleik. Det andre talet blir brukt i utrekning av når materialet byrjar "å flyte". Det blir ofte kalla brotspenning og fortel om flytegrensa til materialet.

Skrue med fastleiksklasse 8.8. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tabellen nedanfor viser nokre av dei mest kjende fastleiksklassane her til lands.


Tabell med fastleiksklassar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan du om flytegrenser?

Les tabellen og fyll inn i fakta-arket for Flytegrensa.




CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2020

Læringsressursar

Gjenge