Hopp til innhald
Rettleiing

6 – Metriske gjenge NS 1073

I Noreg blir den metriske gjenge-standarden NS 1073 oftast brukt. No samlar vi saman all kunnskapen om gjenge.

Fakta om utvendige og innvendige gjenge?

Kva kan du om utvendige og innvendige gjenge?


Fingjenge

No har du sikkert lagt merke til at det under M10 står fleire skruar med same diameter. Til dømes M10x1,25.

Det betyr at det er ein M10 skrue, men at stiginga er forskjellig.

M10x1,25 – betyr at stiginga på gjenga (avstanden mellom dei) er 1,25 mm. Dette blir kalla "fingjenge".

VIKTIG: Dersom det på ei teikning berre står M10, er det uttrykk for det du kan kalle "vanlege gjenge". Det blir òg kalla "grovgjenge" eller "vanlege grovgjenge".

VIKTIG: Dersom læraren seier M10, så meiner han ein 10 millimeter skrue med stiging på 1,5mm.