Hopp til innhald

Fagstoff

4 – Metriske innvendige gjenge NS 1073

I Noreg bruker ein oftast den metriske gjenge-standarden NS 1073. Denne standarden er beskriven i verkstadhandboka. Verkstadhandboka er den boka der du finn det aller meste du har behov for å vite om standardar.
Ein 12 mm mutter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mutrar NS 1073 – Innvendige gjenge

Les i innhaldslista i verkstadhandboka. Finn området "Gjenge". Her finn du att omgrep du allereie er kjend med frå flasketut-oppgåvene. Her er to nye omgrep:

  1. Gjengebor er det boret du skal velje når du skal lage innvendige gjenge. På ein skrue er det utvendige gjenge. Derfor ventar vi med gjengebor til seinare.
  2. Midt-diameter er diameteren som ligg midt mellom storediameter og veslediameter.

Gjengetabellen

Tabellar for innvendige og utvendige gjenge avgrensa til M10 og M16. M16 inneheld berre nemninga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan du om innvendige gjenge?

VIKTIG: Dersom læraren seier M10, så meiner han ein 10 millimeter skrue med stiging på 1,5 mm.

CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2019

Læringsressursar

Gjenge