Biologi 1
Feltarbeid
Undersøkingar i felt er grunnlaget for kunnskapane vi har om samspelet mellom organismane og det miljøet dei lever i. I felt skal de gjere eigne observasjonar og bruke desse til å sjå samanhengar i økosystem.
Feltarbeid i ferskvatn
I dette emnet finn de forslag til ulike feltarbeid de kan gjennomføre i innsjøar, bekker og elvar i nærleiken av skulen eller i eit ekskursjonsområde lenger unna. Undersøk abiotiske faktorar som temperatur, lysforhold og næringsinnhald, og kartlegg førekomst av dei levande organismane.