Hopp til innhald
Fagartikkel

Eigenvurdering for emnet sanntidsproduksjon

Kva har du lært om å planleggje og gjennomføre sanntidsproduksjonar? Gjer denne eigenvurderinga på slutten av perioden.

Sjekkpunkt

  • Eg kan lage eit enkelt oppsett for direktestrøyming (livestreaming).
  • Eg kan kople saman ulike kjelder med lyd og bilete.
  • Eg kan gjere enkel biletmiks.
  • Eg kan setje opp og hjelpe til i ein produksjon med to eller fleire kamera.
  • Eg kjenner til fleire ulike roller i ein større sanntidsproduksjon.
  • Eg kan bruke eit videokamera, endre fokus og endre brennvidd.
  • Eg kan bruke biletutsnitt og kamerabevegelsar som zoom, tilt og panorering.
  • Eg kjenner til aktuelle strøymetenester og veit kva som er tilrådd bithastigheit (bitrate) for ulike oppløysingar og biletfrekvensar (frames per second).

FAGOMGREP

  • Sanntidsproduksjon
  • Direktestrøyming
  • Biletmiks
  • Fleirkamera
  • Vignett
  • Køyreplan
  • Biletutsnitt
  • Kamerasendingar