Hopp til innhald

Fagstoff

3 tips til vignett

Når du skal lage ein vignett, hugs å liste opp alle som har bidrege til det du lagar vignett for. Tenk på heilskap, lag ein vignett som speglar innhaldet. Og til slutt, bruk vignetten med omhug. Han gir førsteinntrykket.

1 Lag ei liste over alle involverte

Alle som har bidrege til produksjonen må nemnast og krediterast, bli gitt noko av æra. Ingen må gløymast.

2 Tenk på heilskapen

Viss du tenkjer på å lage ein vignett med masse blinking, lydeffektar og ting som skjer, spør deg sjølv: Er dette riktig og bra for heilskapen? Støttar vignetten produksjonen på best mogleg måte?

3 Bruk vignetten med omhug

Vignetten er eit viktig element. Bruk han så godt som mogleg. Han er ein viktig del av produksjonen. Vignetten er det første inntrykket publikum får. Bruk han til å setje stemninga, slå an tonen, og skape dei riktige forventningane hos mottakaren.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2019

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon