Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lage ein vignett?

Bruk tid på idéutvikling, skisser og uttesting av ideen før du skal produsere ein vignett.
Nærbilete av eit auge med ein knivspiss peikande mot seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1) Definer oppgåva

Leit etter noko å begynne ein idéprosess med.

  • Kva kjenneteiknar fjernsynsprogrammet, filmen eller serien?
  • Kven skal sjå han?
  • Kva er innhaldet? Er det noko spesielt du kan ta tak i – konflikten i historia eller måten programmet blir laga på?
  • Sjå også på konkurrerande innhald. Her er det eit paradoks, du skal treffe sjangermessig, og på same tid lage noko eige.
  • Leik vidare med assosiasjonar og idear du finn. Bruk gjerne tankekart, skriv ord og lag visuelle notatar.

Relatert innhald

Moodboard visualiserer idéar. Saman med tankekart og notat kan dei gjere idéen din tydelegare.

Oppgåve 2) Skisseprosessen

Skisser og bilder som viser storyboard og bildesekvens fra filmen M ord.

Det er fleire måtar å skisse på. Dette er den kreative delen der du kan jobbe i fleire retningar: teste, leike og samle idear – visuelle og auditive.

Lèt att auga og sjå det føre deg. Lytt. Lag skisser.

Lag storyboard

Skissa består av teikningar i sekvens og viser korleis vignetten blir. Handteikna skisser sparer deg for mykje tid. Begynn med små frimerkeskisser. Legg du skissene etter kvarandre i eit presentasjonsverktøy, får du dessutan ein forsmak på vignetten.

Styleframes

Skyggar dansar i lys og røyk. Grafisk.

Styleframes er nesten ferdige stillbilete som kunne vore frå vignetten. Desse kan du lage i eit biletebehandlingsprogram, gjerne med stillbilete du tek med eit kamera. Dei bør vere ca. 80 % lik sluttresultatet. Hugs å få med eit lydspor!

Typografi

Utviklinga av typografien skjer parallelt med resten av designprosessen. Først gjer ein det som er sjølvsagt: testar tittel i seriff, sansseriff, store og små bokstavar. Så kjem tvilen og prøving av forskjellige løysingar. Legg det vekk og sjå på det igjen seinare. Til slutt står det unike, geniale tilbake. Ikkje lås deg i den første ideen!

Animatic

Ein animatic er ein grov versjon beståande av stills frå storyboard, testfoto, prøveopptak eller grov 3D. Han gir ei skisse på timing i ein vignett. Det kan vere “placeholder”-musikk i riktig tempo og stil her.

Vanlegvis vil ein ha møter med kunden under utviklinga av skissene. Kanskje begynner ein med moodboard i fleire retningar og endar med ein animatic. Kanskje er det så lita tid og få midler i eit prosjekt, at å lage ein animatic eller styleframe blir for omstendeleg.

Oppgåve 3) Produksjon og post-produksjon

Få oversikt over behov for verktøy og kompetanse før produksjon

Her er produksjon og teknikk avhengig av idéløysinga ein har vald. Er det typografi og grafikk? Er det 2D, 3D eller video? Bruker du grønvegg og treng avansert postproduksjon, tracking og fargesetjing? Må du lage spesielle props; objekt som ein haifinne, blod, snø? Treng du saktefilm, røyk, spesiell lyssetjing eller optikk? Lèt att auga og sjå det føre deg. Planlegg godt og tenk gjennom tidsbruk.

Tid, ressursar og avgjerder før produksjon

Det er viktig at du har ei fornuftig forventing til kor mykje tid du skal bruke på produksjonen. Du kan sikre deg ved å ha ein presentasjon av skisser for klassen. Klassen og læraren kan komme med nyttige tilbakemeldingar.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2019

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon